Vil ut av Holmedal bustadstifting

DEL

LEVEKÅRSKOMITEEN:Kommunen sitt engasjement i Holmedal bustadstifting har vart sidan oppstarten i 1991. No innstiller Rådmannen på at kommunen trekkjer seg ut av stiftinga ved å innfri restlånet i Husbanken på 138.750 kroner.

Saka kjem opp i levekårskomiteen måndag kveld, men skal òg opp i kommunestyret sidan det var det høgaste politiske organet i si tid gjekk inn med kommunalt tilskot (400.000 kroner), underskotsgaranti og leigeavtale for to av dei fem bustadeiningane.

Bakgrunnen for å trekkja seg ut er dårleg utnytting av bustadane i seinare tid. «Utviklinga viser at det blir mindre busetting i utkantane av kommunen», blir det peika på i saksutgreiinga. Det blir òg vist til at nokre eldre, tidlegare utåker-buar, har kjøpt bustad på Husnes for å kunna klara seg heime lengst mogeleg. Pleie- og omsorgstenesta ønskjer òg å ha brukarane nærast mogeleg, for å redusera køyringa. Det har dessutan vist seg vanskeleg å plassera andre vanskelegstilte i desse bustadane, fordi dei ligg for langt unna sentrumsaktivitetar. Dermed har kommunen hatt ein netto kostnad på rundt ein halv million kroner frå 2010 til og med 2017, fordi ein lenge betalte stiftinga 240.000 kroner per år, for deretter å krevja inn husleige. Dette opplegget gjekk kommunen vekk frå etter 2017, etter å ha meldt frå til stiftinga om at ein ikkje lenger greidde å skaffa folk som ville busetja seg på Utåker.

Kommuneadministrasjonen og ordførar har hatt fleire møte med bustadstiftinga for drøfta økonomien. I november føreslo rådmann og ordførar å innfri restlånet, mot at kommunen trekte seg ut av stiftinga. Føresetnaden er at kommunestyret godkjenner å innfri lånet. Saka har vore oppe i styret i bustadstiftinga, og styremedlemene gjekk samrøystes inn for forslaget, blir det opplyst i saksutgreiinga.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags