Leige til eige-formalisering

DEL

LEVEKÅRSKOMITEEN:Måndag kveld får Levekårskomiteen mal for «Leige til eige»-kontraktar på bordet. Då handlar det òg om bustadplanen som mellom anna har manifestert seg i form av 22 nye bueiningar på Husnes (Heiamyro og Parkbygget/hotellet). Av saksførebuinga går det fram at det så langt er selt to einingar og leigd ut fem etter «Leige til eige»-modellen.

«Leige til eige» er eit opplegg som blir nytta av fleire kommunar for å hjelpa unge i etableringsfasen. I saksførebuinga blir det forklart slik: Ved starten av leigekontrakten skriv ein under på ein opsjon på å kjøpa leiligheiten etter eit bestemt tal år. Dette er ein rett, men ikkje ei plikt. Opsjonen gir ein føreseieleg pris, og for å stetta kravet om 15 prosent eigekapital, blir det inngått ein avtale om ei fast sparing per månad med kommunen (20 prosent påslag i husleiga), eller ein dokumentert BSU-avtale. På overtakingstidspunktet vil eigenkapitalen bestå av verdiauken for leilegheita og oppsparte midlar.

Det var Hilde Enstad (Ap) som for eitt år sidan tok initiativet til å innføra «Eige til leige»-prinsippet for kommunale bustader. Enstad viste den gongen til Randaberg kommune si gode erfaring med «Eige til leige»-prinsippet for å hjelpa einslege førstegongsetablerarar inn i bustadmarknaden.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags