Nærhandel-aksjon i morgon

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

I morgon (laurdag) blir det aksjonsdag for lokal handel over heile landet; 335 nærbutikkar og 45 distriktsbokhandlar. I Kvinnherad dreier det seg om fire daglegvarebutikkar og to bokhandlar som er med i det statlege Merkur-programmet for distriktsbutikkar. Slagorden for kampanjen er «Handla lokalt – vel nærbutikken», går det fram av ei pressemelding frå Merkur.

Kampanjen vil fokusera på kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter og salsstad. Målet er å redusera handelslekkasje og stimulera til meir lokal handel.

Nærbutikkdagen blir markert på ulike måtar. Dei fleste butikkane tilbyr kaffi og kaker til kundane sine denne dagen, medan andre butikkar går ut med spesielle tilbod, melder Merkur.

Ifølgje pressemeldinga er følgjande butikkar i Kvinnherad med:

Rosendal bokhandel

Kvinnherad Bok og Papirhandel

Nærbutikken Tørris Wågen

J. Lyngnes Bensinstasjon

Bjørn Arne Eidsvik

Nærbutikken Nye Fjelberg

Høylandsbygd Bygdatun

Artikkeltags