Sommargjestene har med seg eigne «pop-up»-butikkar til Rosendal

Alt mogleg-butikk: Britt Hansen har opna ei avdeling av bergensbutikken «Hjerte-fryd» i Skålagato for sommaren.

Alt mogleg-butikk: Britt Hansen har opna ei avdeling av bergensbutikken «Hjerte-fryd» i Skålagato for sommaren.

Artikkelen er over 1 år gammel

Sommargjestene kjem ikkje til Rosendal berre for å feriera lenger. Somme har òg med seg sin eigen butikk i feriebagasjen.

DEL

– Det er første gongen vi prøver dette, og erfaringa så langt er utelukkande positiv!

Det seier Britt Hansen, som har opna ei avdeling av bergensbutikken «Hjerte-fryd» i Skålagato for sommaren. Med seg har ho kollega Hilde Ceresnyes, og dei to bytar på å stå i butikken her og i Bergen.

– Eg har ein son som bur på Løfallstrand, så då er det kjekt å kunna besøka han samstundes som eg kan driva butikken. Jobba og feriera litt på same tid, smiler Hansen, som sel alt frå kunstverk frå Laksevåg til brukskunst, klede og vesker.

– Responsen frå kundane har vore overveldande, så dette har absolutt gitt meirsmak. Vi blir her heilt til 11. august, og folk er hjarteleg velkomne innom.

Mykje kunst

«Pop-up»-butikkar har etter kvart blitt eit etablert omgrep brukt om butikkar som opnar ein stad for ein kortare periode. I Rosendal er det fleire slike i sommar.

Nokre steinkast nedanfor butikken «Hjerte-fryd» treff vi kunstnarvenninnene Elin Flindt og Anne Marie Bottolfsen frå Bergen. Dei to har opna ein kreativ marknad i lokala til målarklubben på Skålakaien.

– I tre veker skal vi halda ope her, og håpar mange vil ta turen innom. Vi sel akvarellar, quilta produkt, keramikk og perlebroderi, for å nemna noko. I hovudsak våre eigne produkt, men vi sel òg noko for andre kunstnarvenninner, fortel dei.

Kunst: Kunstnarvenninnene Anne Marie Bottolfsen og Elin Flindt har opna kreativ marknad i lokala til målarklubben i Rosendal.

Kunst: Kunstnarvenninnene Anne Marie Bottolfsen og Elin Flindt har opna kreativ marknad i lokala til målarklubben i Rosendal.

Flindt plar invitera til utstilling i Løo Galleri Bakken på husmannsplassen Bakken på Løfallstrand, og seier at ho vil halda litt ope der igjen etter dei tre vekene i målarklubben.

Ikkje mange steg unna den kreative marknaden ligg Galleri Badehuset, som Helga Klette Steinsvik står for.

– Eg sel kunst og strikka produkt, og held ope i helgene eller etter avtale. Velkomen innom, helsar Steinsvik.

Som Kvinnheringen skreiv om nyleg, har også fem kunstnarar tilhald i Kunstverkstaden på Skålakaien. Elisabeth Croles, Signe Schineller, Sølvy Johansson, Karin Bøe og Kristin Schulerud inviterer inn til fleire opne dagar i sommar, og ber folk om å følgja med på sosiale medium eller på plakaten som blir sett opp utanfor trappa. Vi skreiv også nyleg om gatekunstutstillinga i Rosendal Motell, som er eit resultat av gatekunstfestivalen, som vil halda ope i heile sommar.

Artikkeltags