Politisk sprik om søndagshandel: – Det viktigaste er kva næringslivet sjølv meiner

Ordførar Peder Sjo Slettebø meiner det viktigaste er kva butikkane sjølv meiner. (Arkivfoto).

Ordførar Peder Sjo Slettebø meiner det viktigaste er kva butikkane sjølv meiner. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Også blant politikarane er det delte meiningar om søndagen skal brukast til handel eller anna. Her kan du lesa kva tre av lokalpolitikarane våre meiner.

DEL

Les også: 4 i farten: – Søndagen er ein roleg dag i heimen

Peder Sjo Slettebø (H):

– Eg har ikkje så sterke meiningar om dette, og vil sjå kva innspel som kjem inn etter høyringa. Viss fleire av verksemdene som ønskjer å ha søndagsope kan få mindre byråkrati med søknader og slikt, tenkjer eg det er positivt. Det viktigaste er kva næringslivet sjølv meiner.

Marit Årthun (Krf):

– Eg har ikkje fått lese lovforslaget så nøye, men generelt kan eg seia at vi i Krf er negative til meir søndagshandel. Vi ønskjer å verna om søndagen som ein fridag for dei fleste, ein annleis dag til familieaktivtetar og til å henta seg inn, som er positivt i eit folkehelseperspektiv. Eit anna argument er at søndagsopne butikkar kan føra til forbruksvekst, som igjen er negativt for miljøet. Eg trur folk flest og handelsnæringa sjølv stort sett var negative til meir søndagshandel sist dette vart diskutert. Men vi ser jo at dette lovforslaget er eit steg mot meir liberalisering frå regjeringa si side, som blant anna også ønskjer å utvida opningstida for sal av alkohol.

Kai Morten Torget (Frp)

– Eg meiner at forslaget er eit resultat av langdryge politiske forhandlingar som eigentleg ikkje er komne nokon veg. På den eine sida synest eg at det er bra at ein lempar på dagens lovverk, men så kjem denne biten med at butikkane må vera under 150 kvadratmeter. Ein må sørgja for likskap for alle, og det får ein problem med ut frå dette forslaget, fordi det kan føra til konkurransevriding mellom mindre og større butikkar. Eg tenkjer at det kanskje kunne vore opp til kjøpesentera og kommunen å avgjera korleis lokale løysingar blir, nettopp for å unngå konkurransevriding.

Les også:  Regjeringa opnar for meir søndagshandel, men vil vi ha det?

Artikkeltags