June Marie Sætre Bjelland og Aurora Nilsen Mathisen frå Herøysundet var av dei mange som fann vegen til den flotte badeplassen i bygda då finvêret endeleg dukka opp onsdag førre veke. Men dei to venninnene kjente etter kvart at det kunne vore godt med ein iskrem, og var samde om at Herøysundet kunne hatt trong for ein kiosk.

– Det var litt vel langt å reisa til Uskedalen eller Husnes for å handla is, så då kom vi opp med ideen om å opna vår eigen vesle kiosk her i Herøysundet, fortel dei to.

Med god hjelp av foreldre til handling av varer, og av bestefar til Aurora, Geir Nilsen, til lån av lokalet til båtlaget, hadde dei to kreative jentene på plass ein liten kiosk alt dagen etter.

– Vi kallar oss Bjellands kafé, sidan vi begge er frå Bjellands-familiar. I dag har vi seld vaflar, kaffi, saft og smoothie. Vi har ikkje frysar, så is blei det ikkje i dag. Men vi har kjøleskap, så kald smoothie blei ei god erstatning, forklarer dei.

Tilbodet blei svært godt motteke av dei mange som besøkte stranda, og jentene hadde det til tider travelt i vaffelsteikinga.

– Fleire har sagt at vi gjerne må gjera dette fleire gonger. Og det var jo veldig kjekt å jobba litt, så det er slett ikkje umogleg, smiler kioskvenninnene.