– Mange grunnar til at nokre må gi seg

Åsfrid Barstad har lang fartstid i butikkbransjen, men måtte dessverre gi seg i desember. Ho seier det er mange grunnar til at nokre butikkar ikkje overlever. – Ting endrar seg kjapt, og alle som driv butikk må vera svært omstillingsdyktige.

Åsfrid Barstad har lang fartstid i butikkbransjen, men måtte dessverre gi seg i desember. Ho seier det er mange grunnar til at nokre butikkar ikkje overlever. – Ting endrar seg kjapt, og alle som driv butikk må vera svært omstillingsdyktige.

Artikkelen er over 1 år gammel

Åsfrid Barstad var ei av dei som i desember såg seg nøydd til å leggja ned butikken sin på senteret, Gullsmed’n, på grunn av omsetningssvikt. Ho seier det ikkje er éin grunn åleine som gjer at butikkar må leggja ned.

DEL

Kva skjer med storsenteret?– I min bransje har det dei siste åra vore ei kraftig endring i handlemønsteret. Det har vore ein nedgang i sal av gull, og ein kraftig nedgang i sølvbestikk. Gullsmykke- og ringar til konfirmantar har vi selt lite av dei siste åra. Tidlegare kjøpte gjerne menn både mobiltelefon og diamantring til kona si, men no er telefonane blitt så dyre at dei ikkje kjøper begge delar. I konkurransen med kva folk kjøper i gåver, tapte vi. Salet av dåpsgåver er det einaste som har halde seg stabilt, og faktisk gått litt opp, fortel Barstad til Kvinnheringen om kvifor omsetninga gjekk ned.

– Mange meiner at husleiga på Husnes Storsenter er for høg. Kva vil du seia om det?

– Det var ikkje husleiga som tok knekken på min butikk. Eg kunne hatt gratis husleige og likevel ikkje klart meg.

I lag med Jakobsen peikar Barstad òg på at nedlegging av butikkar ikkje berre skjer på Husnes, men over heile landet, og særleg på mindre plasser.

Les også: Trur ikkje på «senterdød» på Husnes

Fleire årsaker

Barstad trur det er fleire årsaker til at ein del butikkar ikkje klarar å overleva. Ho peikar på at handlevanane våre har endra seg i takt med det travle samfunnet vi lever i.

– Vi har eit budsjett når det kjem til pengar, og er veldig prisbevisste, men vi har òg eit budsjett når det kjem til tida vår. Det er lettare å gå på nett og orientera seg frå pc-en heimefrå, eller via mobilen når du er på farten. Nettbutikkane stenger aldri, medan lokale butikkar derimot har avgrensa opningstider.

Ho drar også fram «bransjeglidinga» som ei utfordring som kom for nokre år sidan, og som betyr at nisjebutikkane med tydelege varesegment er i ferd med å forsvinna.

– Matbutikkar sel både bøker, leiker, gryter, blomar og garn, parfymeri og klesbutikkar sel smykke, og apotek sel sminke. Slike ting er nok med på å påverka salet til nisjebutikkane. Mange seier vareutvalet er for dårleg, men for å kunna kjøpa inn varer må ein ha økonomi til det, og ein veit ikkje heilt sikkert om det vil selja godt eller ikkje. Då risikerer du å sitja igjen med eit varelager.

– Kva trur du er suksesskriterium for å driva ein lokalbutikk?

– God service og god varekunnskap er svært viktig. Ein må treffa med vareutvalet og kunna snu seg fort rundt når det kjem endringar, for det blir det alltid. Å vera butikkdrivar er ein livsstil, du må legge sjela i det og vera klar for å jobba mykje. Å ha kapital i ryggen er òg viktig, i alle fall i starten før ein har klart å etablera seg skikkeleg.

Barstad trur på same måte som senterleiar Jakobsen at viss kjøpesentera skal bestå, så må det vera i ei litt anna form enn i dag.

– Eg trur fleire tenester må samlast på senteret, slik at fleire har grunn til å besøkja det. Fleire etestadar og offentlege tenester bør vera til stades. Men slik som netthandelen har utvikla seg, så spørst det om fysiske butikkar vil bestå i framtida. Kanskje er det smartare å starta nettbutikk.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags