Populær kulturvandring i Guddalsdalen

Mange tok turen på kulturvandring til Guddalsdalen søndag.

Mange tok turen på kulturvandring til Guddalsdalen søndag.

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Mange blei med då Seimsfoss grendalag og Omvikdalen bygdekvinnelag inviterte til kulturvandring i Guddalsdalen søndag, i samband med Kulturminnedagane 2017. Hovudtema for turen var fangst og fangstmetodar i gamal tid, og turen starta ved Galleri G Guddal der Johannes G. Guddal viste fram ulike gamle fangstreiskapar og forklarte korleis desse hadde blitt brukte. Vidare gjekk turen innover i dalen, med fleire stopp undervegs. Her fekk vi høyra Olav G. Guddal, Johanna Thorup, Knut Bernt Naterstad og Reidar Guddal fortelja om ulike tema som gjekk på lokalhistoria og staden. Filmskapar Merethe Offerdal Tveit hadde fått oppgåva med å filma kulturvandringa, noko ho òg gjorde i fjor. Vel framme i Guddalsdalen serverte Omvikdalen bygdekvinnelag steinomnsbakte brød, kaffi og saft. Dei viste òg fram gamaldagse barneleikar for dei yngste deltakarane.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken