Skule og bygdefolk er skeptiske, men prosessen mot nytt Felleskjøpet-bygg vil truleg gå sin gang likevel

Detaljplanen for bustadar og næring i Baronivegen har vore ute på høyring no i haust. Ikkje alle er samde i at ein bør utvikla tomta i Rosendal til føremålet. – Positivt med merknader, men planane er stort sett i tråd med overordna kommuneplan, seier samfunnsutviklar Ingo Bewer.