Byggservice måtte stansa drift i masseuttak. «Skulle eg blitt populær, måtte eg ha jobba i TV2», seier han som indirekte utløyste krav om løyve

Byggservice AS skulle søkt om driftskonsesjon då uttaket av massar på Ersland passerte 10.000 kubikkmeter. Dagleg leiar i Hardanger Rock vedgår at han via Direktoratet for mineralforvaltning har etterlyst konsesjonane til andre som borar og sprengjer for å ta ut massar her i kommunen.