– Det er eit variert program med litt for både store og små. Så vi er veldig nøgde, seier biblioteksjef Trude Hege Bergesen.
Hausten på biblioteket vart sparka i gang med sommarles-fest måndag. Men som følgje av at det i desse dagar er førehandsrøysting i biblioteklokalet, er dei andre hendingane på programmet flytta litt. Men frå og med 21. september går det slag i slag utover hausten.
– Det er ei blanding av eigenproduksjon og andre som vi får inn. Det blir forskjellige forfattarbesøk, teater og ein del konsertar, faktisk, seier Bergesen.
Allsong
Først ut er konsert med duoen Gabriel Fliflet og Richard Burgess.
– Då blir det shanty og allsong i biblioteket. Dei som kjenner Fliflet veit at han er oppfinnsam og artig, så det kjem til å bli veldig kjekt, seier Bergesen.
I tillegg til det blir det «Evert Taube i ord og tonar» med Lars Nygaard og Leif Blix siste onsdagen i september og konsert med Tom Roger Aadland 15. november.
Forfattarbesøk
På lista med forfattarar som tek turen til Husnes finn vi Anita Østerbø, Tore Renberg, ekteparet Agnes Lovise Matre og Geir Tangen og Sinnamekker’n Ståle Eskeland.
– Han har sagt at han skal ta med seg ein bil når han kjem, så det trur vi blir veldig gøy, smiler Bergesen.
Dei kjende, faste innslaga som «Te og lyrikk» og «Strikk og lytt» vil gå som normalt gjennom heile hausten, til liks med drop-in syverkstad, eventyrstund og bokringar.
– Og som alltid blir det gøy på biblioteket i haustferien, med blant anna den populære Harry Potter-dagen, som i fjor samla enormt med folk her. Då hadde vi faktisk over 500 personar innom, så det blir gøy, seier Bergesen.

Husnes barneskule: Entreprenør fekk medhald i klagen
Svigermor og barnefamiliar
Som alltid blir det ei rekkje aktivitetar for småbarnsfamiliar på biblioteket. Og i desse dagar jobbar dei med å få på plass eit dokketeater, som vart til under fjorårets kurs.
– Det har vi veldig tru på, men det er ikkje heilt i boks endå, seier Bergesen.
I boks er derimot besøket av Askeladden friteater som kjem med stykket «Ridder Aske møter dragen og trollet» 9. oktober.
Tidlegare i oktober er det svigermor som står på timeplanen. Gjertrud Sæter, blant anna kjend frå NRK-serien «Side om Side», har dukka ned i vitsar og ordtak om svigermor, og kjem for å halda eit artig føredrag om det.
Kriminell aften
Det er med andre ord mykje som skjer på biblioteket denne hausten. Men kva gler sjefen sjølv seg mest til?
– For min del er det kanskje kriminell aften med Tangen og Matre. Dei er gift, og skal ha ein samtale om sine bøker. Så eg ser for meg at det kan bli ein morosam tone rundt det, og i tillegg skal vi prøva å laga ei gøy ramme rundt det heile, seier Bergesen og held fram:
– Så ser eg veldig fram til å få besøk av Tore Renberg. Han har aldri vore her før, men eg har høyrt han tidlegare, og han er veldig kjekk å høyra på. Så det blir truleg stor stas.
