Vil du spela cricket?

Her ser du nokre av dei som synest det er knallkjekt å spela cricket på Stord. (Foto: Privat).

Her ser du nokre av dei som synest det er knallkjekt å spela cricket på Stord. (Foto: Privat).

Artikkelen er over 1 år gammel

Stord Cricketklubb vil gjerne ha fleire kvinnheringar med på å spela cricket, og vurderer eigen cricket-leir i Kvinnherad i sommar.

DEL

Neeta Sankholkar, opprinneleg frå India men busett på Stord, er trenar for eitt av cricket-laga i klubben. Ho har fått med seg nokre afghanske gutar som er busett i Kvinnherad, og som reiser til Stord for å trena kvar laurdag. Frå mai til september skal dei faktisk delta i seriespel i Oslo og Trondheim. Det er berre tre lag utanfor Oslo som deltar i seriespelet, og dette laget frå Stord er eitt av dei.

– Vi deltok i ei nasjonal turnering i februar, og gjorde det kjempebra, spesielt den eine guten som er busett i Kvinnherad, fortel Sankholkar.

Sankholkar spelte sjølv cricket i India, og starta damelag i cricket der for over 40 år sidan. Då ho flytta til Norge og Stord tok ho opp igjen sporten, men på trenarsida. Per i dag har Stord Cricketklubb 62 medlemmar, og Sankholkar kunne gjerne tenkt seg å få med fleire frå Kvinnherad. Ho fortel at Stord Cricketklubb vurderer å arrangera sommarleir her i kommunen for å sjekka interessa.

– Cricket er ein veldig kjekk sport, som gir skikkeleg adrenalinkick! Men det er òg meir enn det, det er inkludering, integrering og identitetsbygging. Dei som flyttar til Sunnhordland kan få noko meiningsfylt å gjera på og bli kjent med andre gjennom sporten. Det er desse afghanske gutane som bur i Kvinnherad eit godt døme på, og eg sjølv var sjenert før eg starta med cricket, smiler Sankholkar.

Dei som syntest dette høyrtest kjekt ut kan kontakta Sankholkar eller Stord Cricketklubb.

– Alle er hjartleg velkomne til å bli med, uansett nasjonalitet!

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags