«Ungdomane får ta seg av å stoppa tullet, då skal dei få respekt frå meg òg»

Av
DEL

MEININGAR:Til ungdomen.

Dei unge har i det siste vore flinke til å demonstrera for miljøet, gått i tog med flagg, hatt det moro og mellom anna spurd kva Erna og Peder vil gjera for miljøet.

I sumar får dei sjansen til å trø skikkeleg til lokalt. Cruisedestinasjon Hardangerfjord har søkt Kvinnherad kommune om 120.000 kroner kvart år i tre år til marknadsføring av området.

Det er venta 118 svære skip med 168.000 turistar, derav 19 med 13.000 personar til Rosendal i år. Dette er noko som til og med eg ser som fullstendig tullskap. Desse legg ikkje att ti kroner gjennomsnittleg per person, og sjølv om det er hundre kroner vert det berre ca. 1,3 millionar brutto. Korleis skal kommunen få att sine 120 tusen av desse? Klart reknestykket går enormt i minus. Men dette får Peder ta seg av.

Ungdomane får ta seg av å stoppa tullet, då skal dei få respekt frå meg òg. Samla dykk alle ved første båt som kjem, det kan verta nokre hundre med flagg på kaiane i Rosendal. Her er ikkje politi nok til å fjerna dykk med makt, og ikkje ein einaste av desse forsøplarane kan klara å koma seg i land, dei fleste er eldre og kan ikkje bryta seg gjennom ein mur av sterke og spreke ungdomar. Då vil dei neste skipa avlysa turen.

Dette kan sjå ut som ein spøk, men eg er faktisk einig med ungdomen i at å driva med noko som er så totalt tullete er feil, både miljømessig og særleg økonomisk. Og bruker ikkje skipa olje, vert det automatisk mindre å pumpa opp òg.

Så kan Erna ta seg av å stoppa dei ca. eitt tusen kolkraftverka som er planlagde i Kina.

Johs. Bondhus

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags