Dei splitter nye hybriddrivne ekspedisjonsskipa MS «Roald Amundsen» og MS «Fridtjof Nansen» skal segla langs norskekysten heile sommaren, og MS «Fridtjof Nansen» vil ha eit stopp innom Rosendal sommaren 2019, står det i ei pressemelding frå Hurtigruten AS.

MS «Fridtjof Nansen» skal segla ei rekkje 14 dagars-turar frå Amsterdam via norskekysten, Bjørnøya og Vest-Svalbard til Longyearbyen. Her skal skipet ta om bord nye gjester, før det set kursen sørover igjen langs den samme ruta. Seglingane er baserte på den legendariske Sportsruta som Hurtigruten sin grunnleggjar Richard With starta i 1896.

Blant reisemåla som etter planen får besøk av det splitter nye hybridskipet er Rosendal, Sommarøy, Trollfjorden og Skarsvåg.

Ordførar Peder Sjo Slettebø er begeistra for nyhendet:

– Det er svært gledeleg at Hurtigruten sitt nye skip vil vitja Rosendal. Dette er ein flott mulighet for Kvinnherad til å visa fram den fremste turiststaden vår, og vonleg ei kjekk oppleving fir alle interesserte kvinnheringar som får sjå eit av verdas mest moderne og miljøvenlege skip i eigne fjordar. Eg opplever at vi stadig oftare får gode høve til å visa fram Rosendal for eit større publikum, og det er ein så flott stad at eg er sikker på at den typen marknadsføring slikt gir vil føra til auka turisttrafikk til bygda og Kvinnherad elles.

Mange nyvinningar

MS «Roald Amundsen» og MS «Fridtjof Nansen» er under bygging på Kleven verft i Ulsteinvik, og byr på ei rekkje nyvinningar:

I tillegg til banebrytende teknologi og grøne løysingar, kan opp til 530 gjester nyta den spektakulære norskekysten frå store observasjonsdekk eller gjennom panoramavindauga i Explorer Lounge forut på dekk 10.

Alle lugarane er utvendige, halvparten med eigen balkong. Hjørnesuitane akterut har private boblebad. Det er også store boblebad på bassengdekket, som også har eigen bar og «evighetsbasseng» med spektakulær utsikt.

Dei tre restaurantene (Aune, Lindstrøm og Fredheim) har henta inspirasjon fra norsk polarhistorie og lokale råvarer.

Hjertet av skipa blir Amundsen Science Center/Nansen Science Center. Området blir spekka med teknologi som saman med Hurtigruten sine handplukka ekspedisjonsteam skal gi gjestene ei djupare forståing for områda skipa utforskar.

Dei to nye Hurtigruten-søstrene får også eit breitt utval spesialbygde ekspedisjonsutstyr, som kajakkar, padlebrett, undervassdroner og båtar som kan ta gjestene i land nærmast kor som helst.

Fakta om MS Fridtjof Nansen:

Bygd: 2018 Kleven Yards, Norway

Storleik: 20.889 bruttotonn

Lengd: 140 m

Breidde: 23,6 m

Draft: 5,3 m

Gjester: 530

Lugarar: 265

Mannskap: 151

Cruisefart: 15 knop

Isklasse: PC-6

Flagg: Norsk

Heimehamn: Tromsø

Har gitt anbod

Hurtigruten har drive Kystruta Bergen–Kirkenes, som består av 34 hamner langs heile kysten, heilt sidan starten i juli 1893. Det nye anbodet på kjøp av tenester blei lyst ut av Samferdsledepartementet i høst. Det skal gjelda frå 2020/2021 og minst ti år fram i tid.

– Det var ikkje sjølvsagt at vi skulle søkja. Det nye anbodet med nye krav kjem på toppen av det som allereie truleg er verdas mest komplekse skipsoperasjon. Kvart einaste år gjer vi 24.500 anløp i alle slags hamner i all slags vêr langs ei av verdas mest vêrharde kystlinjer, seier konsernsjef Daniel Skjeldam.

Fristen til å levera inn anbod på Kystruta Bergen–Kirkenes går ut 3. januar.

Samtidig varslar Hurtigruten ei større satsing på norskekysten – uansett utfall av anbodsprosessen. Selskapet står i dag for heile 14 prosent av alle utanlandske gjestedøgn i Norge.

– Vinn vi ikke, vil vi segla ekspedisjonscruise med utgangspunkt i dagens rute, men med utvalde anløp. Dessverre vil vi heller ikkje få lov til å ta med lokalpassasjerar. Norskekysten vil alltid vera ein svært sentral del av Hurtigruten-produktet. Det vil den også vera i framtida – med eller uten eit anbod, seier Skjeldam.

Han er tydeleg på at konkurransen om gjestene langs kysten blir stadig hardare. Hurtigruten brukar i dag nesten ein milliard kroner i året på å selja norskekysten i utlandet.

Fakta: Kystruta Bergen – Kirkenes

  • Passasjer- og godsrute med daglige anløp av 34 havner mellom Bergen og Kirkenes.
  • Samferdselsdepartementet kjøper sjøtransporttjenester på strekningen «for å sikre et tilfredsstillende transporttilbud for passasjerer som reise lokalt eller regionalt fra havn til havn, og godstransport mellom Tromsø og Kirkenes».
  • Ruten drives i dag av Hurtigruten AS, som har drevet ruten siden starten i 1893. Selskapet opererer 11 spesialbygde skip i trafikken.
  • Avtalen mellom Hurtigruten og staten går ut i 2020/21. Departementet lyste 19. september ut anbudskonkurranse om ny avtale som gjelder i ti år.
  • Konkurransen er delt i tre pakker. Hver av rutene er helårlige og gjennomgående seilinger tur-retur Bergen-Kirkenes, der alle havner på ruten skal betjenes daglig.
  • Den nye avtalen inneholder også klima- og miljøkrav.
  • Leverandørene har tilbudsfrist 3. januar 2018. Departementet tar sikte på at kontrakt kan inngås innen utgangen av mars 2018.

Kilde: Samferdselsdepartementet