Cruisedestination Hardangerfjord melder at Eidfjord i år hadde rekord når det gjeld besøk av cruiseskip, med 75 skip og totalt 104.000 passasjerar. Utanom Ulvik hadde Jondal to besøk, Ulvik 12 og Rosendal fire i Hardangerfjorden. Dei aller fleste av gjestene var tyskarar med 41.000, og i tillegg var det 31.000 britar. Reiarlag som Viking Ocean Cruises, AIDA, Cruise & Maritime Voyages og Fred Olsen Cruises er alle innom Hardangerfjorden.

Solid vekst i Rosendal

Fire cruisebesøk i Rosendal i 2017 er ikkje så mykje, men alt no er det varsla at det blir heile 17 cruiseskip innom Rosendal til neste år, medan Eidfjord vil få 81 besøk.

I pressemeldinga heiter det at dette er trass i at Hardangerfjorden praktiserer ein svært streng politikk når det gjeld bærekraftig cruiseturisme. Som dei første hamnene i Norge sette Hardanger eit øvre tak på tal skip og passasjerar i kvar hamn for fleire år sidan.

Dersom det kjem bestillingar utover øvre grense, vil ein primært overføra skipa til andre hamner i Hardangerfjorden, sekundært til nabohamnene i Bergen og Haugesund.