26. november 1999: Sigbjørn Røysland skal til Bergen, der han har eit møte med fylkesmannen for Sportsfiskaren Kvinnherad. Omvikdelingen er 28 år, og jobbar som industrirøyrleggjar i Stavanger.

Jobben fører han mykje offshore, så han er van med å setja sjøbein. Strekninga Stavanger-Bergen har han òg reist mange gonger før med båt, og aldri kvidd seg for det.

Men denne ettermiddagen er vêret skikkeleg guffent. Det bles ein sterk vind i det svarte novembermørket. Bølgjene slår mot båten i det han går om bord.

– Dette var faktisk den første gongen eg vurderte å gå av båten igjen og heller finna meg ein buss. Men så tenkte eg at vêret nok kom til å roa seg når vi berre kom forbi Stord, fortel Røysland.

Høyrde det på lyden

Han finn seg eit sete i 2. etasje på den årsferske katamaranen til HSD. På denne turen er han éin av 76 passasjerar. Mannskapet er på ni.

– Båten tok av som normalt. Det var ingenting med stemninga om bord som tilsa at noko var annleis denne dagen. Eg sat i setet mitt og prøvde å slappa av. Men så mykje soving blei det ikkje då vi begynte å gå over desse vêrharde fjordstykka.

Redd er Sigbjørn ikkje. Han har vore i Kystvakten, så stormfullt hav er ikkje noko nytt for han. Men utover turen, rundt eit kvarters tid etter at dei har teke av frå Haugesund, og har passert Ryvarden fyr, skjer det fatale; «Sleipner» går rett på skjeret Store Bloksa.

– Rett før vi gjekk på skjeret, kjende eg at vi prøvde å dreia av. Det var ikkje noko stort smell i det vi trefte Bloksa, men eg høyrde jo på lyden at det skjedde noko under båten.

Lyden Sigbjørn kjenner igjen, er aluminium som rivnar. Han veit ikkje om alle medpassasjerane skjøner kva lyden er med det same. Det blir ingen panikk om bord. Men Sigbjørn forstår at her kan det vera fare for at båten vil gå ned, så han går til bagen sin og byter ut den tynne jakka han har på seg med ei skinnjakke.

– Dette var noko eg hadde lært på eit av overlevingskursa eg hadde delteke på. Slike ting berre slo inn i meg då; dette må du gjera, og dette må du gjera, fortel han.

Straks etter at «Sleipner» har treft Store Bloksa, blir det klart for passasjerane om bord at det er bom stopp. Dei rolegaste snakkar med dei som er begynt å bli redde. Men framleis er det roleg om bord, folk ventar mest på instruksjonar om kva som skal skje vidare.

– Eg gjekk i trappa og kikka ned i 1. etasje. Der såg eg rett på eit hol i dørken, og vatnet som hadde begynt å strøyma inn i båten. Då tok eg fram mobiltelefonen min og ringte til foreldra mine for å gi dei beskjed om kva som var skjedd. Då hadde eg i alle fall snakka med dei dersom det skulle gå feil veg.

Klamrar seg til rekkverket

Éin beskjed rekk styrmannen å gi før straumen går. Passasjerane får høyra at båten har gått på eit skjer, og at helikopter er på veg. Og dei får beskjed om å ta på seg redningsvestar.

– Men desse redningsvestane var som kjent ikkje noko gode. Eg måtte prøva tre før eg fann ein som fungerte sånn nokolunde, seier Sigbjørn.

Dei held seg alle innandørs lengst mogleg. Men når båten begynner å hella meir og meir nedover, og meir vatn strøymer inn, ser Sigbjørn ut på bakdekket for å prøva å planleggja litt.

– Der såg eg det stod ein benk, og denne planla eg at eg ville prøva å halda meg til når båten gjekk ned. Eg visste det ville koma til å bli panikk når dette skjedde, så eg ville ha eit haldepunkt.

Og ikkje lenge etter har alle passasjerane samla seg på dette dekket. Nokre må ha hjelp av medpassasjerar og mannskap, men til slutt er 76 passasjerar samla på bakre dekk av det som er igjen av hurtigbåten som eigentleg skulle tatt dei til Bergen. Folk klamrar seg til rekkverket. Noko av det Sigbjørn hugsar best frå denne stunda, er ein eldre mann som dett ned i vatnet. Han blir henta opp, men dett uti igjen. Som om han gir opp heile kampen. Han skal bli ein av dei som blir med båten ned til djupet.

Båt-vraket heller meir og meir mot nitti grader. Passasjerane begynner no å bli alvorleg redde. Dei ventar på helikopteret dei er blitt lova, men frå taket der førstestyrmannen held til, er det vanskeleg å få svar.

– Til slutt brølte eg mot han, og då høyrde han meg og svara oss at helikopteret nærma seg. I sjøforklaringa seinare såg eg at dette hadde blitt skildra som panikk. Rart korleis ein oppfattar ulike situasjonar, eigentleg. Eg brølte berre for å få han til å høyra, minnast Sigbjørn.

Blir pressa ned

Vi har sett det grafisk skildra i Titanic-filmen; båten som loddrett blir soge ned i havet medan somme desperate menneske klamrar seg fast, og andre hoppar ned mot det svarte havet. Siste rest av «Sleipner» nærmar seg òg snart ubønhøyrleg det svarte djupet. Sigbjørn klamrar seg fast til benken han har sett seg ut, og balanserer på denne så godt han kan.

– Men folk datt forbi meg, så eg mista taket. Det verka som om tida gjekk veldig sakte på veg ned. Eg pusta og pusta heilt til vatnet rekte meg til brystet. Så tok eg eit skikkeleg magedrag, før eg blei soge ned i havet med båten.

Så langt ned blir han med at det pip i øyra. Pulsen hamrar og hamrar. Der, nedanfor seg, ser han lyset frå båten som er på veg mot havbotn. Og langt der oppe ser han havflata, nærast som om det lyser der også. Han let seg siga opp igjen. Oppe blir han pressa ned igjen av livredde medpassasjerar som kavar desperat rundt i vatnet. Han kjem seg opp éin gong til, og ser at det flyt folk overalt. I kampen for å nå overflata, får han vatn i lungene.

– Vi samla oss i ei klynge, vi var sikkert 30 stykk samla på det meste. Blant desse matrosen, som hadde gitt frå seg overlevingsdrakta si. Fleire redningsvestar hadde rivna, min inkludert. Men for meg skulle dette bli ei lykke, fordi eg seinare skulle trenga å liggja på magen for å følgja med på bølgjene som kom imot, fortel han.

Etter ei stund i klynge, begynner folk å bli paniske av kulde og redsel, og dei pressar på kvarandre for å halda seg sjølve oppe.

– Det heile var så brutalt at eg måtte riva meg vekk derifrå. Eg måtte skubba folk unna for å klara å symja vekk, medan somme prøvde å klamra seg fast i meg. Dette var hardt og brutalt, og eg måtte jobba ein del med inntrykka i ettertid. Men der og då var det den einaste måten eg kunne overleva på. Eg hadde vatn i lungene, og hadde mest sannsynleg drukna om eg blei verande i klynga.

Ingen kontroll på kroppen

Sigbjørn held seg for seg sjølv i havet etter dette. Frå Kystvakten har han lært å ikkje bruka krefter på å flytta seg for mykje, berre prøva å bevega ledda slik at dei ikkje stivnar. Han får tak i vrakgods som han prøver å klamra seg til, men slepp taket etter ei stund fordi vrakgodset begynner å søkka. Frå det som han opplever som langt borte, høyrer han lydar frå folk.

– Etter å ha lege der ei stund, kanskje ein time, begynte eg å bli trøytt. Eg skjønte kva som var på gang, og begynte å syngja. Kroppen begynte å dovna av. Eg bad til Gud, og førebudde meg på slutten.

Over han krinsar eit helikopter. Han ser båtane som søker, kjem mot han, sklir vekk. Etter det som seinare blei klart at var nesten ein time etter at Sigbjørn hamna i havet, kjem Espeværekspressen rett mot han, og mannskapet kastar ut eit tau til han. Han får tak i tauet, og klamrar seg så hardt til det at dei må bryta nevane hans laus idet dei får han om bord. Sigbjørn er den nest siste som blir redda opp i live.

– Først om bord på båten kjende eg at eg fraus. Eg skalv og skalv, hadde ingen kontroll på kroppen. Dei fekk av meg dei våte kleda, og eg fekk på meg ei tynn skjorte. Eg opplevde det som det varmaste plagget eg nokon gong hadde hatt på meg, seier Sigbjørn, som straks etter lånte ein telefon og ringte heim til foreldra sine. Hans eigen mobil hadde hamna på havbotn ein stad.

– Korleis eg klarte å slå nummeret, slik som eg skalv, var det få som skjønte den gongen. Knapt nok eg sjølv.

Seinare skal han kjenna at han også har vondt i ryggen og nakken. I det han blir sogen ned i havet med båten, får han nemleg eit par slag av kjølen. Men Sigbjørn treng, i motsetnad til fleire av medpassasjerane, inga sjukehusinnlegging. Etter nokre timar på mottakssenteret, når varmen har begynt å koma tilbake, blir han sendt heim med båten frå Stord til Sunde.

– Vêret var framleis svært dårleg, så båten måtte styra mot vinden. Då vi nærma oss Sunde, snudde den med vinden, og ute på havet såg vi at dei framleis søkte etter overlevande. Det var brutalt, men i ettertid har eg vore glad for at eg fekk sjå frykta i auga allereie kort tid etter ulukka, seier han.

Posttraumatisk stressyndrom

Heime på garden til foreldra i Omvikdalen begynner det å gå opp for 28-åringen kva han har vore med på. At 16 av medpassasjerane ikkje har klart seg. At han sjølv har overlevd. Mot alle odds.

– I ettertid skjønte eg jo, og blei fortald av legen min, at eg gjorde alt rett for å overleva. Eg brukte det eg hadde lært på overlevingskurset. Og så er det merkeleg, dette overlevingsinstinktet, som ingen skjøner kor kjem frå. Eg skulle nok ikkje overlevd, sett i lys av omstenda.

Men tida som kjem blir ikkje lett. Sigbjørn får ikkje sova. Han sit oppe gjennom natta på lemen hos foreldra. Kvekk til av den minste lyd. Et ikkje. Er nede i 62 kilo på det verste. Han kvir seg for å dusja, for han klarar ikkje lenger kjensla av vatn på kroppen. I ti månadar er han sjukemeldt. Kroppen verker. Psyken òg. Heile tida medan han ventar på at hjelpa skal koma. Men den må han oppsøka sjølv.

– Til slutt drog eg til Rosendal og spurde kommunen om dei ikkje hadde ein beredskapsplan for situasjonar som dette. Det hadde dei, men den låg nedstøva på ei hylle. Eg fekk til slutt gang på det sjølv. Gjennom legen fekk eg timar hos psykolog. Og fysioterapeut. Kroppen hadde låst seg heilt, forklarer Sigbjørn.

Posttraumatisk stress-syndrom, får han konstantert. I to års tid må han ha hjelp av profesjonelle.

– Men heile vegen var eg open om alt eg hadde vore igjennom. Folk spurde, og eg svara. Eg snakka mykje med ein kamerat av meg. Og eg la aldri skjul på korleis eg hadde det. Det trur eg har hjelpt meg mykje.

– Tenkjer du på det enno?

– Innimellom, men det er sjeldnare no. Av og til kjem det til meg i søvne. Særleg dette med mørket, båten. Eg kan vakna på natta av ein lyd, og kjenna litt på det. Men eg veit jo kva som gjer det, så eg taklar det no.

Akkurat som ein mur

I «Sleipner»-oppgjeret blei det slått fast at seglingsbestemmingane hadde blitt brotne den kvelden. Kapteinen sat med ansvaret, og blei dømt til fengsel på vilkår. Reiarlaget var også tiltalt, men blei frifunne. I ettertid blei det klart at båten enno ikkje hadde fått løyve til å segla i vêr der bølgjene var over éin meter. Denne kvelden var dei mellom to og tre meter høge. Tre av redningsflåtane løyste seg heller ikkje ut, slik dei skulle, og gjekk til botns med vraket. Sjølv har Sigbjørn ikkje brukt mange kaloriar på å klandra mannskapet.

– Eg var kanskje litt skarp i sjøforklaringa, men dette var kort tid etter hendinga. Eg ser jo det i ettertid, at folk gjer feil. Dei hadde vel press på seg for å halda rutetidene.

Meir skuffa er han då han ikkje får invitasjon til markeringa på tiårsdagen etter hendinga. Støttegruppa har berre lyst den ut i eit par aviser som Sigbjørn ikkje held. Markeringa ser han tilfeldigvis på tv, når han er på jobb. Han skulle gjerne ha vore der, om han hadde visst om den.

– Kva gjer ei erfaring som den du har frå «Sleipner» med ein som person?

– Eg veit i alle fall korleis eg reagerer på ein krisesituasjon. Alle situasjonar er forskjellege, men eg har i alle fall opplevd korleis hjernen min reagerer når det står på som verst.

– Blir ein meir redd for ting?

– Ein blir meir realistisk. Det eg eigentleg sakna mest i ettertid, det eg har slitt med, er det som går på empati. Ting går ikkje inn på meg meir. Det er akkurat som om det er ein mur der inne. Om det slepp eller kva veit eg ikkje, men det har vore sakna.

– Som om noko døde inni deg den dagen?

– Ja, det er godt beskrive. Psykologen sa at det sannsynlegvis ville bli på denne måten, det ville bli eit før og etter. Eg er sjølvsagt glad for at eg overlevde, men det hadde ein pris.

I dag er Sigbjørn busett i Spania med kone og barn, medan han pendlar til Nordsjøen, der han framleis jobbar.

– Eg har aldri hatt det så godt som no. Spania passar meg bra. Kroppen toler ikkje kulde lenger. Men det treng eg ikkje tenka på der eg bur no, sluttar omvikdelingen.