– Velkomen om bord, seier Kristian Røssland då Kvinnheringen møter han og kompisen Lars Gaasdal i båthamna på Sunde.
Den 40 år gamle snekka, som har fått namnet MS «Berit», var fint pynta med bjørk og flagg til 17. mai-feiringa som var.
– Eg har alltid sett på båtane på sjøen då eg har gått i barnetoget her på Sunde, og endeleg skulle eg få vera utpå sjølv.
– Vi har til og med ordna med salutt med potetkanona, legg han til.
Gutane hadde med seg potetkanon i båten som dei skulle bruka som salutt på 17. mai. Det smell godt på Sunde når dei fyrer opp kanona.
– Eit veldig godt tilbod
– Kvifor snekke?
– Eg fekk ein veldig god deal. Då speedbåten min sokk i fjor fekk eg eit tilbod om å byta den inn med ei snekke. Eg hadde eigentleg kjøpt alt eg trong for å fiksa speedbåten, men det var eit altfor godt tilbod, svarar Kristian smilande.
– Det er plass til mange fleire i ei snekke, det er mykje kjekkare, legg han til.
– Har du måtta fiksa masse på båten, og gjer du det sjølv?
– Det var ein del å fiksa, motoren til dømes. Eg gjer mykje sjølv, men får god hjelp av pappa. Han har nok skrudd på alt med motor i Kvinnherad, ler Kristian.
– Og eg måtte sjølvsagt montera musikkanlegg, det er litt av vitsen med ei snekke, smiler 14-åringen.
