– Eg vil retta dagens klage til den/dei som knuser glas på gang- og sykkelstien ved Opsangervegen nedanfor Røsslandslia. Sjølv tåler eg ei punktering på sykkelen, men det er verre for dei firbeinte som plar gå på tur langs gangstien. Hundane kan få skore opp labbane sine, og det er slett ikkje kjekt for dyra. Dyrt kan det bli også. Så oppfordringa er at ein tek med flasker og glas og nyttar seg av glaskonteinerane som er sett ut, helsar Terje Gudding.