– Fau ved Malmanger skule ynskjer på vegne av foreldra ved skulen å retta ein stor takk til dei frivillige ved Fjellhaugen skisenter for tilbodet om gratis skidag til ungane våre. Vi nyttar samstundes høvet til også å takka Kvinnherad Røde Kors Hjelpekorps for at de er til stades i fjellet dersom nokon treng hjelp. Det er eit flott tilbod de stiller med – i år også! Takk til dykk alle saman for innsats og velvilje! helsar Mari Haugen Jordal på vegne av FAU ved Malmanger skule.