– Takk Morten, du berga dagen for meg

Av
DEL

Dagens ros går til deg, Morten Mikkelsen. Måndag var eg på biblioteket og skulle lesa aviser, men det gjekk ikkje bra, for det synte seg at eg hadde gløymt å ta brillene med meg. Gode råd var dyre, og då var det at Morten vart den reddande engelen.

«Dei kan eg køyra til Husnestunet og henta for deg – eg er her igjen om nokre få minutt».

Ikkje så mange minuttane seinare kom han smilande og blid og gav meg brillene.

Takk skal du ha Morten, du berga dagen for meg!

Lennart Sortland

Artikkeltags