Dagens ros

Smiley

Smiley

Tannklinikken ved Anna Sigrid Totland og Ann Karin Bekvik fortener all ros for god hjelp i ein akutt situasjon om kvelden tysdag 29. januar, skriv Anita V. Oppedal i Åkra.

DEL

– Bekvik rykka ut til tannklinikken om kvelden, og var til stor hjelp og støtte for eit barn med akutte smerter. Totland gav gode råd per telefon. Også helsepersonell som hadde legevakt på Husnes helsesenter om kvelden, både Sigrun på kontoret og vakthavende lege Ali Mehri, hjelpte til på ein måte som gjorde at tilstanden midlertidig vart betre, skriv Oppedal, og held fram:

– Onsdag gjorde staben ved tannklinikken, særleg Totland, ein framifrå jobb, då me måtte attende. Ein vil kanskje hevda at dei berre gjorde jobben sin, men eg meiner dei gjorde meir enn det. Særleg måten både born og vaksne vart møtt på, set eg stor pris på, helsar Oppedal.

Artikkeltags