Gå til sidens hovedinnhold

Daglegvarebransjen: – Hamstring er unødvendig

Artikkelen er over 1 år gammel

Daglegvarebransjen seier folk ikkje treng uroe seg for mangel på varer i butikkane. Det skal vere nok til alle.

Det kjem fram i ei felles pressemelding frå Coop, Norgesgruppen, REMA 1000, Virke daglegvare og NHO service og handel torsdag formiddag.

– I andre land ser vi døme på at forbrukarane har auka innkjøpet sitt av enkelte basisvarer markant. Dei same utfordringane har vi ikkje i Noreg. Nordmenn har den siste tida kjøpt litt meir av enkelte basisvarer enn vanleg, men vi er ikkje bekymra for varemangel, skriv bransjen.

Butikkane skal ha nok varer både i butikk og på lager, og dei har framleis god tilgang på varer frå leverandørar, blir det understreka.

– Det er ikkje noko som tilseier varemangel i Noreg. I tillegg har vi stort fokus på å halde oppe rutinar og vareflyt som vanleg, skriv bransjen.

Dei er òg i tett dialog med styresmaktene og følgjer fakta og råd frå Folkehelseinstituttet.

– Hamstring er unødvendig, og kan skape utfordringar. Om alle handlar som normalt, er det nok varer til alle, slår daglegvareaktørane fast.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken