Det kom inn ni søknadar på stillinga som dagleg leiar ved kommunen si nye kulturelle storstove på Husnes. Jobben er ei prosjektstilling på to år.
Søkarlista blei offentleg 21. april. No, over to månadar seinare, er det klart at Daidalos Dahle fekk tilbod om jobben som dagleg leiar og takka ja.
Arenaen skal etter planen opna januar 2023, og den nye daglege leiaren skal mellom anna arbeida med at det blir god aktivitet der.

Kvinnheringen styrkar laget: Snart tre nye fjes i redaksjonen
Dahle har fagbakgrunn i pedagogikk med ein master retta mot idrett og folkehelse. Han har variert yrkeserfaring, mellom anna innan barne- og ungdomsarbeid, og han er kjent som drivkraft i kulturlivet ikkje berre lokalt i Kvinnherad, men i vide krinsar elles, står det frå kommunen om nytilsettinga.
Dahle tar til i stillinga 1. august.
– Vil ha ein tydeleg kulturell profil
– Eg er veldig takknemleg, glad og spent, seier Dahle sjølv tysdag.
– Kvifor trur du dei valde deg?
– Eg har ein master i idrett. I tillegg til 20 års arrangørkompetanse. Dette var noko dei søkte etter, så fagleg låg eg godt an. Så håpar og trur eg at engasjementet og ønsket mitt om jobben var avgjerande.
Dahle fortel at jobben i første omgang kjem til å handla om å setta den vanlege drifta av idrettshallen.
– På sikt ønsker eg ein tydeleg kulturell profil. Eg må ut på reisefot for sjå kva som er gått bra og dårleg andre plassar, for å finna ut kor det største potensialet ligg og kva som er mogleg å få til.
– Må så dei retta frøa
Han håpar lokale aktørar kjem til å henga seg på.
– Vi er ganske heldige her i kommunen, som får eit så stort og flott bygg. Jobben min blir å få ut høgast nytteverdi for flest mogleg. Eg håpar lokale krefter kastar seg over og ser moglegheitene her. Det er eit kjempepotensial som ligg der. Eg skal legga til rette for at andre får sine ønsker oppfylte. Åkeren er pløgd – no må vi så dei retta frøa.
44-åringen avsluttar med ein takk til arbeidsgivaren han no forlèt.
– Eg har hatt det fordømt godt på Halsnøy skule dei siste åra. Det er det som er det einaste vemodige med dette, å måtta tråkka vekk frå elevane og kollegaane der. Ein gjeng eg verkeleg har sett stor pris på.