Gruppe kjent frå Norske Talenter har laga dans om kva fenomenet sosiale medium gjer med oss

INNTRYKK: Kva gjer sosiale medium med oss?  «Juice Crew» dansar om dette i Kulturhuset Husnes 11. januar. (Pressefoto).

INNTRYKK: Kva gjer sosiale medium med oss? «Juice Crew» dansar om dette i Kulturhuset Husnes 11. januar. (Pressefoto).

Av
DEL

Kjenner du deg igjen på bildet? Viss svaret på spørsmålet er ja, kan du vera blant dei som har gjort seg avhengige av sosiale medium, og som brukar dei fleste ledige stunder til å sjekka siste nytt på den fronten. Dansetruppen «Juice Crew» har laga ei danseframsyning om kva fenomenet gjer med oss. Denne kan du sjå i Kulturhuset Husnes laurdag 11. januar. Med seg på laget har dei gutar frå gruppa MixMaster Cruw, deriblant husnesingen Frank Johnsen.

Dette er kva Kulturhuset Husnes skriv i pressemeldinga:

««Se meg» er ei danseførestilling som fokuserer på dagleg bruk av sosiale medium og på korleis det har påverka oss djupare enn vi trur. Telefonen er blitt ein reiskap som er blitt til meir enn berre å ta imot samtalar med. Den er òg eit hjelpemiddel til å få oss til å føla at vi held kontakten med omverda. I sosiale medium konstruerer vi eit menneske som ikkje er mogleg å leva opp til i det verkelege livet. Vi gjer det for å få andre til å lika oss betre, medan det ofte fører til at vi likar oss sjølve dårlegare. «Se meg» handlar om å gi slepp på fasaden og heller visa kven vi er utan filter, «likes» og redigering.

Juice Crew har vore med i Norske Talenter og i tallause tv-produksjonar».


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags