«Det nyttar ikkje med barnehageplassar i fleng på Husnes, Sunde og Valen om det er på Halsnøy innbyggjartalet stig mest»

Av
DEL

MEININGAREspira barnehage på Halsnøy kloster har søkt til kommunen om drifts- og kapitalinnskot slik at dei kunne utvida med 20 nye barnehageplassar.

Denne søknaden vart skoten ned i levekårsutvalet med kun éi stemme i favør Espira (Hanne Kristensen (Høgre)), men torsdag 18. juni får dette ein ny sjanse i kommunestyret.

Som kjend skal Hauge barnehage i Høylandsbygd leggast ned, og med det vert det ståande igjen éin barnehage på Halsnøy.

Ein viktig faktor for å få utflytta kvinnheringar heim igjen, er akkurat barnehageplass til borna deira. Espira Halsnøy Kloster har no sprengd kapasitet og venteliste, og har difor søkt om utviding. Søknaden om utviding fekk dei innvilga, men den kan ikkje gjennomførast uten kapitalinnskot frå kommunen.

Kvinnherad kommune har i likskap med mange andre distriktskommunar eit synkande innbyggjartal, men akkurat på Halsnøy går trenden den andre vegen. Kvifor skal ein då slå ned på bygder som faktisk er på rett kurs?

Nokon vil argumentera for at Halsnøytunellen er gratis, og at det då er enkelt for foreldre å køyra borna over til barnehagane på fastlandet. Men det kan ikkje seiast at det å kanskje måtte køyra om lag ei mil i omveg for å sleppa av barn i barnehagen før jobb, fungerer som trekkplaster for utflytta halsnøybuar som vil heim frå byen.

Altså nyttar det ikkje med barnehageplassar i fleng på Husnes, Sunde og Valen om det er på Halsnøy innbyggjartalet stig mest.

Om Kvinnherad kommune heile tida skal handla reaktivt kjem dei til å komma tapande ut av det sjølv om det kan virka som ei økonomisk belastning å væra i forkant. Det handlar no om å bruka midlar rett i dei bygdene det går godt i, og tillata veksten me vil ha i kommunen.

Dersom kommunestyret på torsdag gjer som eg håpar på, og går inn for å innvilga støtte til Espira Halsnøy Kloster barnehage, sender dei eit signal om at dei er villige til å satsa på område i vekst og at dei er villige til å gå god for sin eigen politikk om å snu det fallande innbyggjartalet.

Kristoffer Tufta

Første nestleiar Sunnhordland Unge Høgre

Høylandsbygd

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags