«For å sikra god og sunn mat og kunnskap om mat til alle, har skulemat vorte ein brannfakkel for oss»

Av
DEL

MEININGAREit gratis skulemåltid til alle elevar i den norske skulen kan vera blant dei viktigaste tiltaka for folkehelse og sosial utjamning. Vil politikarane jobba for å innføra skulematordning i kommunen vår?

Norges Bygdekvinnelag er ein partipolitisk nøytral, landsomfemnande organisasjon som har levande bygder som sitt fremste mål. Vi er tradisjonsberarar, men også framtidsretta: Særleg innan mattradisjonar har bygdekvinner rundtom stor ekspertise som dei flittig har delt med andre både i bokform og gjennom kurs. Også lokalt er det mange som kan gle seg over matkurs i Bygdekvinnelags-regi. Men engasjementet stoppar ikkje med formidling av mattradisjon: trygg og sikker mat til alle har vore ei satsing lenge. Etter kvart som ein får meir kunnskap, ser ein at mat «ikkje berre er mat», ein ser kor viktig det er å eta «rett» mat, og kva dette har å seia for helsa.

For å sikra god og sunn mat og kunnskap om mat til alle, har skulemat vorte ein brannfakkel for oss. Vi veit at ein del elevar har ete lite eller ingen frukost når dei kjem på skulen. Ein del har av ulike årsaker heller ikkje matpakke med seg. Dårleg eller mangelfull mat gjev uro og lav energi i klassen. Over halvparten av lærarane i grunnskulen opplever dagleg eller fleire gonger i veka at elevar er ukonsentrerte fordi dei ikkje har ete nok i løpet av skuledagen. Rett mat kan bidra til at elevane lærer meir og får betre føresetnader for å greia seg seinare i livet. Dette vil også vera eit viktig tiltak for sosial utjamning. Mange kommunar begynner å få augo opp for kor viktig sunn mat er for helse og læring, men det er lite handling å spora frå sentralt hald.

Det betyr at det er kommunepolitikarane som må satsa på dette. Vega i Nordland innførde gratis, varm lunsj dagleg frå hausten 2017. Vinje i Telemark har hatt eit gratis måltid kvar dag i 10 år, og erfaringane der er svært gode: Måltida er ein integrert del av skuledagen, og dei er ein viktig miljøfaktor som gjev trivsel, matglede, gode relasjonar og ro.

Korleis ein skal få gjennomført dette, vil nok variera frå skule til skule, men det må prioriterast av politikarane i kommunen. Alle elevar må få eit godt skulemattilbod, og det må vera gratis. Vi spør difor alle som stiller til val i Kvinnherad kommune: Kva vil du gjera for å få til dette?

Esther Falk

Omvikdalen Bygdekvinnelag

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags