«Gratulerer med 17. desember – den kurdiske flaggdagen»

Illustrasjonsbilde: Colourbox.

Illustrasjonsbilde: Colourbox.

Av
DEL

MEININGARKvar nasjon bruker symbol for å identifisera seg. Eitt av dei symbola er flagget. Kurdarane har også sitt offisielle flagg, som den største statslause nasjonen. Valdagen går tilbake til 17. desember, som er den offisielle Peshmerga og flaggdagen til kurdarar, og for første gong blei det kurdiske flagget heist opp av Peshewa Qazy i republikken Kurdistan i 1964 i Mehabad i aust-Kurdistan (Iran).

Det kurdiske flagget blir av kurdarane kalla «Allay Kurdistan». Det fargerike flagget dukka første gong opp i samband med den kurdiske uavhengighets-rørsla frå det osmanske riket. Flagget blei skapt på 1900-tallet. Seinare, i 1946, blei det gamle «solskinsflagget» vedteke av parlamentet under etableringa av republikken Kurdistan i Mehabad.

Det kurdiske flagget er eitt av dei mest fargerikere flagga i verda. Det er ikkje utan grunn, då kvar farge har ei tyding. Det raude symboliserer revolusjon og blodet av martyrane som kjempar for Kurdistan og framhald av kampen for fridom og verdigheit for Kurdistan og folket der. Grønt uttrykkjer natur, venleik og landskapa i Kurdistan. Kvitt uttrykkjer fred og likeverd. Gull representerer kjelda til liv og lys av folket. Det viktigaste symbolet i flagget, er den brennande sola i midten, som viser eit gammalt religiøst og kulturelt symbol blant kurdarar, synonymt med elden i det kurdiske folket sitt hjarte, forståing og tru på at flagget representerer den ekte kurdiske religionen og det kurdiske folket og nasjonen. Zoroastranisme – visdommen. Sola har 21 stråler, og talet 21 si tyding viser dei gamle Ezidiske, religiøse tradisjonane hos kurdarane, og 21. mars er samtidig det kurdiske nyttåret som blir kalla «Newroz».

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags