«Kommentar til innlegget til Bjarte Døssland og Tomas Bruvik»

Av
DEL

MEININGAR

Onsdag 4. juni skreiv Wivian Markhus eit lesarinnlegg om Facebook-innlegget til ordførarar Peder Sjo Slettebø. Same dag svara Bjarte Døssland og Tomas Bruvik med eit motinnlegg (publisert i papiravisa fredag 7. juni).

Eg vart ikkje særleg overraska over at det kom til å komma reaksjonar på Facebook-innlegget til ordføraren, eg vart heller ikkje overraska over at nokon av dei som blei nemnt i innlegget til Markhus kom til å svara henne. At det kom eit motinnlegg som omtrent berre inneheldt latterleggjering og bagatellisering frå ein som er advokat, overraskar meg heller ikkje, men at Tomas Bruvik, som er redaktør i Kvinnheringen (riktig nok i permisjon) og styreleiar for Landslaget for lokalaviser, legg seg på det same nivået, det overraskar meg faktisk.

Eg er fast lesar av avisa Kvinnheringen, og synest at dette er ei fantastisk god lokalavis. Gjennom avisa har eg fått med meg sakene om Fjelberg Kraftlag, rådmannssaka og Kvinnherad Energi. Det er saker som eg sjølv ikkje har så mange meiningar om, men eg har fått med meg at dei engasjerer mange i Kvinnherad. Eg kjenner verken Markhus eller dei som blei nemnt i Facebook-innlegget, og eg har ingen konspirasjonsteori mot ordføraren og hans vennegjeng. Facebook-innlegget til ordføraren dukka opp i Facebook-straumen min ved at felles Facebook-venner hadde likt innlegget. Då eg las innlegget tenkte eg at det var eit forsøk på å vera morosam, og eg registrerte at mange var med på spøken, i form av likes og kommentarar. Eg tenkte òg at det kanskje ikkje var så lurt å publisera eit slikt innlegg, då det etter mi meining nesten sa seg sjølv at det ville komma reaksjonar.

Eg er ikkje einig med Markhus sine påstandar, og eg synest at ho kunne halde seg for god for den eine kommentaren til Facebook-innlegget, men eg synest ho skal få ytra sine meiningar i eit lesarinnlegg. Eg kan forstå at Døssland og Bruvik meiner at det ikkje er noko hald i påstandane til Markhus, og sjølvsagt skal dei kunne svara henne med eit motinnlegg. Måten dei svarar henne på, synest eg derimot ikkje noko om. At Bruvik vel å bruka latterleggjering som verkemiddel i innlegget sitt skuffar meg. Han og Døssland skriv blant anna: «Ein skal ha meir enn alminneleg sur mage for å asa seg opp over innlegget og tråden», « ... vi kan ikkje bruka tid på humørlaus sårskap og konspirasjonsteori» og « ... på det tidspunktet Wivian Markhus sine surmaga kommentarar i tråden hadde ramla inn». Eg hadde trudd at Bruvik med sin erfaring frå mediebransjen kunne heve seg over stygge kommentarar og heller visa korleis ein kan debattera sakleg. Bruvik arbeider ikkje som redaktør i Kvinnheringen akkurat no, og han svarer som privatperson, likevel meiner eg at han bør gå føre som eit forbilde for korleis ein kan halda ein debatt sakleg og respektfull. Kanskje meiner nokon at eg òg har ein meir enn alminneleg sur mage, ettersom eg «asar» meg opp over måten dei har svara, men eg vel å tru om meg sjølv at eg ikkje er spesielt «surmaga». Eg meiner berre at folk må visa kvarandre meir respekt når dei debatterer, spesielt han som har tittelen «redaktør», uavhengig om han er i permisjon eller ikkje.

Lillian F. Gjuvsland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags