Ordføraren svarar på spørsmål om trafikktryggleiken

Ordførar Peder Sjo Slettebø. (Arkivfoto).

Ordførar Peder Sjo Slettebø. (Arkivfoto).

Av

Her er Peder Sjo Slettebø sitt svar på lesarbreva til Gunnhild Sæbø.

DEL

MEININGAR:Eg syner til lesarbrev frå Gunnhild Sæbø før jul, der ho er uroa for trafikktryggleiken og bed kommunen orientera om kva som vert gjort på området. Vegar og trafikksikring er det kommunen saman med vegeigar Hordaland fylkeskommune investerer desidert mest i den kommande tida, og det er naudsynt. Samstundes ser vi at fysiske tiltak på vegane ikkje er tilstrekkeleg, det er også vårt felles ansvar at det er trygt å ferdast i trafikken i Kvinnherad. Dette ansvaret har vi kvar og ein når vi er ute på vegane. Innanfor veg- og trafikksikring vil eg oppsummera tiltaka kommunen gjer slik:

• Kvinnheradpakken: Delvis bompengefinansiert vegpakke med langsiktig mål om gul stripe på hovudvegane gjennom kommunen, og også utbetring på trafikkerte sidevegar. Mange av prioriteringane her er kjende: Ny veg gjennom Lundsneset, ny og trygg Opsangerveg, utbetring mellom Årsnes og Folgefonntunnelen og gjennom Sandvoll sentrum og Sæbøvik for å nemna dei som er starta opp og som ligg an til å koma først den komande tida. Det føregår også reguleringsplanarbeid for trafikksikring i Herøysund, ny veg gjennom Løfallstrand og ein vil i 2018 starta på reguleringsplan for strekkja Opsanger–Porsvik. I Kvinnheradpakken er det også sett av betydelege midlar til «diverse trafikksikringstiltak». Kva tiltak som skal inn her er enno ikkje bestemt, dette skal politikarane framover prioritera. Det er positivt at ein her har fått på plass god finansiering slik at vi kan få realisert mange gode tiltak. Eg oppmodar om engasjement når politikarane skal fordela den generelle trafikksikringspotten. Kommunen ynskjer å informera godt når diskusjonen startar og slik legga til rette for engasjement frå innbyggarane.

• Trafikksikker kommune: Kvinnherad kommune deltek i prosjektet «Trafikksikker kommune» saman med Trygg Trafikk. Dette prosjektet har ikkje noko med fysiske tiltak på vegane å gjera, dette handlar om system, rutinar, haldningar og førebygging. Dette prosjektet er det Levekårskomiteen som arbeider med, og det vil stå på sakskartet første halvår 2018.

• Trafikksikringplan: Kvinnherad kommune har ein eigen trafikksikringplan der tiltak er beskrivne og planlagde. Denne skal rullerast (oppdaterast) i året som kjem. Det skal utarbeidast ein eigen «samferdsleplan».

• Veglys: Det vert arbeida med å erstatta eksisterande veglys med LED-lys, noko vi er godt i gang med, men som vil ta noko tid før er gjennomført då vi har ein langstrekt kommune. Som Sæbø påpeikar er dette eit svært godt tiltak, både med omsyn til tryggleik og miljø. Det er også mangel på gateljos mange stader, og dette prioriterer vi saman med fylkeskommunen å få gjort mest mogleg med innanfor tilgjengelege rammer.

• Reguleringsplanar: Skal vi koma i gang med vegprosjekt må vi ha reguleringsplanar klare. Dette er tidkrevjande arbeid som kommunen utfører saman med vegeigar fylkeskommunen og Statens Vegvesen. Syner til pågåande reguleringsplanarbeid som er gjort greie for i punktet om Kvinnheradpakken.

• Politisk arbeid: Det vil i 2018 bli sett ned ei gruppe politikarar og representantar frå administrasjonen som vil reisa rundt i kommunen og sjå på små og store tiltak som kan gjerast for tryggare trafikk. Eg meiner det er bra at politikarane får koma seg rundt i kommunen og sjå med eigne auge, og møta folk som ferdast på dei ulike stadane i det daglege. Dette arbeidet ynskjer vi å gjera i samarbeid med FAU ved skulane og bygdelag rundt om.

Vi har lagt bak oss eit år med ein dyster ulukkesstatistikk. Dette har vi med oss i det omfattande arbeidet vi skal gjera med trafikksikring i 2018. Prosjektet «Trafikksikker kommune» er viktig, fordi fysiske tiltak på vegane som sagt ikkje er tilstrekkeleg for å oppnå god trafikktryggleik og realisera ein nullvisjon for ulukker, slik eg er samd med Sæbø i at vi må ha. Vi ser døme på at ulukker også skjer der vegen er brei og oversikteleg. Samstundes skal vi ikkje no trekka konklusjonar for årsaker til dei ulukkene som har oppstått, dette er politiet si oppgåve å finna ut av, og vi må avventa og lytta til kva politi og vegvesen føreslår som tiltak. Å skapa haldningar kan vera diffust og krevjande, men klarar ein skapa gode haldningar vil ein faktisk oppnå resultat. Dette skal vi gjera saman i 2018.

Les også:

En trafikksikker kommune? Nå er det nok, ikke flere trafikkuhell!

En trafikksikker kommune?

Har du svar, ordfører?

En trafikksikker kommune? Nå er det nok, ikke flere trafikkuhell! Ville ha meir fokus på trafikksikring

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags