«Men kva hjelper det, når ein har ein slik svikefull eigar?»

Av
DEL

MEININGAREg har ikkje hatt så stor tru på denne gamle historia, men noko eg er vorten overbevist om med åra, er at det må ha vore meir enn éin slange der.

Kva er så årsaka til ei slik kryptisk innleiing?

Her om dagen fekk eg brev frå Kvinnherad Energi om at det var fusjonert med BKK. Dette ville medføra at det er BKK sine nettleigeprisar som skal gjelda frå 1. oktober. For kundar med inntakssikring på 125 A og større, vil dette medføra at det blir ein auke i den faste nettleiga frå kr. 3.200,- til kr. 10.500,- , ein auke på 228 %.

Viss eg ikkje hugsar feil, så var det viktigaste argumentet for å selja ut nettdelen i KE, at kundane skulle spara store beløp i nettleige. For BKK var eit stort selskap, og det blei fleire å dela kostnaden på. No får me sjå dette i praksis, og eg vil retta ein spesiell «takk» til Frp og Høgre, som hevdar at dei støttar små og mellomstore bedrifter. Her har dei verkeleg levert.

Eg vil nytta høvet til å rosa dei tilsette (både ute og inne), i Kvinnherad Energi, som har stått på og jobba for at me straumkundar skal ha den fantastiske goden som elektrisk straum er, tilgjengeleg til alle døgnets tider. I tillegg har dei skapt verdiar som har gått tilbake til befolkninga i Kvinnherad via utbyte. Men kva hjelper det når ein har ein slik svikefull eigar?

Anfinn Bakke

frustrert straumkunde med for store sikringar

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags