«Å trø det gjennom for det det er verdt?»

Av
DEL

MEININGARKva folkemøte startar med einsidig info på storskjerm frå berre ei side?

Kva i alle dagar gjorde konserndirektør frå BKK der med stort turfølge?

Dette vitnar om den ubalanse denne prosessen har. Burde hatt gode for og imot argument med pluss og minus så alle kan legga seg opp ei meining utifrå det. Og Haugaland Kraft var der ikkje ... var dei ikkje invitert?

Eg føler spelereglane blir forandra etter behov og dette er ikkje slik det bør vera. Hadde ein tapt etter ein rettferdig prosess så er det slike tap ein kan ta med eit smil, men dette er ikkje det. Forstår at dei vil få dette i gang før valet sidan dei med garanti vil mista mange stemmer her.

Men kan henda dei som er imot dette bør møta opp på møtet på onsdag i rådhuset å sitta å sjå dei i augo.

Wivian Markhus,

Listekandidat for Ap.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags