Høyringsuttale frå Kvinnherad Ap om vindkraft i Kvinnherad kommune

Av
DEL

MEININGAR

Kvinnherad Ap meiner at det ikkje skal byggjast vindmøller i Kvinnherad kommune.

Kvinnherad kommune er velsigna med fantastisk natur og dyreliv som det må vernast om. Å rasera eit landsskap som brukast av så mange med vil medføra mykje meir skadeverknadar på miljøet enn det vil gje gevinstar.


• Å drive friluftsliv er helsefremmande både fysisk og psykisk. Å ha nærleik til uberørt natur, kor ein er vitne til eit rikt dyre- og fugleliv, bidreg til at me held oss meir aktive, og verkar stress reduserande. Vindmøller fører med seg permanente støyplagar og varig tap av verdifull rekreasjonsnatur.

• Kvar vindmølle treng oppstillingsplass tilsvarande ½ fotballbane samt vegareal knytt til vindmøllene. Topografien i Kvinnheradfjella vil medførast at det må sprengast fjell og leggast fyllmasse for at det skal bli mogleg å utnytta vindkrafta optimalt for vindmøllene. Eit fantastisk landskap vert då permanent øydelagd.

• Naturopplevingane ein kan oppleve i Kvinnherad bidreg sterkt til turistnæringa i kommunen. Norsk natur er ein hovudattraksjon for turistane. Inntekter frå turistnæringa vil bli redusert dersom det vert naturen vert skjemma med vindmøller. Dette vil påverka det meste av næringsverksemd i kommunen på ein negativ måte.

• Naturopplevingane ein kan oppleve i Kvinnherad er noko av det som bidreg til at personar vel å busetja seg og bli verande i kommunen. Dersom naturopplevingane forsvinn kan det medføra at folk vel å busetja seg i andre kommunar.

• Vindmøller verkar spesielt øydeleggjande for dyre- og fuglelivet og insekta. Kvinnherad har fugleartar som treng særleg vern. Insekt i store mengder vert og drepen av vindmøller. Insekta er heilt naudsame for økosystemet vårt. Når insekta dør påverkar det næringskjedene i naturen, fuglar og pattedyr får ikkje mat, jordbruksvekstar vert forstyrra og øydelagd. Insekt bidreg til nedbryting av organisk materiale, og ikkje mint til frøspreiing for mange plantar.

Kvinnherad AP er positiv til grøn kraft i Noreg, men naturøydeleggjande vindkraft er ikkje grøn kraft. Me missar viktige naturverdiar som ikkje er teken med i berekningane frå NVE. Me meiner at den grønaste krafta er den me sparar inn.

Derfor meiner me at NVE heller bør vurdera følgande tiltak for å ivareta miljøet vårt på grønast måte:

• Lage ein plan for gjennomføre energisparing i eksisterande bygg i Noreg. Nye bygg har fått skjerpa forskriftskrav om energi effektivisering, men desse gjeld per i dag ikkje eksisterande bygg.

• Lage ein plan for forsterka innsats for energisparande område som til dømes å produsere eigen energi ved hjelp av varmepumper og solceller.

• Lage ein plan for effektivisering og oppgradering av eksisterande vasskraftproduksjon.

• Lage ein plan for utbygging av vindproduksjon på havet

Å etablere vindmøller i Kvinnherad kommune, med alle dei natur- og helsemessige konsekvensane dei vil føra med seg, må ha ei sterk forankring i lokalmiljøet. Kvinnherad kommune gav allereie i oktober 2018 NVE tilbakemelding om at ein ikkje ønskte at det skulle etablerast vindmøller i kommunen. Facebookgruppa «Nei til vindmøller i Kvinnherad» har over 2500 medlemmer. Me opplev at innbyggjarane i kommunen er særs tydelege på at dei ikkje vil ha vindmøller i kommunen sin.

Monica Lindseth,

Kvinnherad Ap.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags