«Jordvernet står sterkt i dispensasjonssaker»

Av
DEL

MEININGAR

Fylkesmannen behandlar mange dispensasjonssaker frå eige fylke, eller som settefylkesmann, der jordvernet blir pressa av utbyggingsinteressene. Det skal mykje til å sette til side jordvernet i slike saker. Det gjeld også tomtesaka frå Sandvoll i Kvinnherad.

Fylkesmannen behandla i november 2018 ei sak frå Kvinnherad kommune der det var søkt om å frådele ei tomt til bustadføremål. Arealet er eigna som beiteområde og grensar til aktivt drive landbruksareal. Fylkesmannen kom i vedtaket til at dei private utbyggingsinteressene i saka måtte vike til fordel for jordvernet, og gjorde om kommunen sitt vedtak. Denne sakstypen er ikkje uvanleg hos Fylkesmannen.

Jordvern og driftsulemper

Fylkesmannen har gjort ei grundig vurdering av dei ulike interessene som gjer seg gjeldande. I vedtaket heiter det mellom anna:

«Fylkesmannen har ikkje noko grunnlag for å vera usamd i kommunens vurdering av at LNFR-området på den ønska tomta kan vera vanskeleg å utnytta som fulldyrka jord. Det er likevel ikkje slik at areal dermed enkelt skal kunne byggjast ned og omdisponerast til bustadområde. Området kan også nyttast som beiteareal. Frådeling til bustadføremål vil få konsekvensar ved at beiteareal og kulturlandskap vert erstatta av bustad. Fylkesmannen vil peika på at kommunen i kommuneplanen har teke stilling til kva område som skal øyremerkast til LNFR-føremål, og kva område som skal vera bustadføremål og LNFR-spreidd bustad.»

Etablering av sjølvstendige bustadeigedomar, tett opp til landbruksareal i aktiv drift, kan dessutan skapa grunnlag for konfliktar mellom landbruket og eigar av bustadane. Dette kan føre til uheldige driftsulemper. Når det gjeld busettingsomsynet, og dei private interessene i å etablere seg på staden, har Fylkesmannen sagt i vedtaket:

«Fylkesmannen er positiv til at ein ny generasjon kjem tilbake for å busetja seg i bygda. Søkjar har opplyst at «barn og barnebarn ønsker å etablere seg på Handeland». Det er likevel ikkje sånn at slike mål skal følgjast opp via dispensasjonar i einskildsaker. Frådeling til bustadføremål grunngjeve i familieforhold er ikkje eit moment som kan tilleggjast avgjerande vekt. Me kan ikkje sjå at det ligg føre noko grunnlag til å gje dispensasjon for frådeling av ei fritt omsetteleg bustadtomt i eit aktivt LNFR-område gjennom utviding av avsett område for bustader. Det er mogleg med busetjing i nærleiken utan å byggja ned jordbruksareal. Fylkesmannen ser ikkje at denne saka skil seg vesentleg frå andre saker om frådeling av tomter til bustadføremål.»

Kommunalt sjølvstyre

Fylkesmannen skal leggje vekt på det kommunale sjølvstyret i saker med kommunalt fritt skjønn. Det står klart i forvaltningslova.

I saka frå Kvinnherad dreier det seg derimot ikkje om slikt kommunalt fritt skjønn. Dispensasjonar er strengt lovbundne vedtak (såkalla «rettsbruksskjønn»), og Fylkesmannen si rolle i slike saker er å undersøke om vilkåra i lova er oppfylte. Det fann vi at dei ikkje var i denne saka, på grunn av at Kvinnherad kommune ikkje i tilstrekkeleg grad hadde vektlagt landbruk- og jordvernomsyna. Desse omsyna skal vektleggast særskilt i dispensasjonssaker.

Synfaring?

Fylkesmannen vurderer behov for synfaring i alle saker. I dette tilfellet er det lite sannsynleg at ei synfaring hadde endra vår oppfatning, då vi meiner at saka er godt nok opplyst til å treffe vedtak utan synfaring. Vi har tilgang til gode kart og flyfoto som gir eit godt bilde av både tomta og området. Behovet for synfaring er langt mindre no når ulike verktøy (kart, flyfoto, bilde m.m.) gjer det mogleg å gjere ei god vurdering av området utan å ha vore på staden. I denne typen saker er landbruksinteressene det sentrale, og det går elles klart fram av saka kva konsekvensane for landbruket blir.

Stor mediemerksemd

Slike saker skaper ofte stort engasjement. Det er forståeleg. Avisa Kvinnheringen hadde i mars fleire store oppslag om tomtesaka på Sandvoll. NRK Hordaland har også laga saker på denne aktuelle problemstillinga. Det er behov for å nyansera bildet noko.

Kvinnherad kommune har i sin eigen kommuneplan valt at det aktuelle arealet skal vere landbruk-, natur,- og friluftsføremål. Dette gjer at frådeling av tomter til bustadføremål er i strid med kommuneplanen. Det er derfor det er krav om dispensasjon frå kommuneplanen for å dele frå bustadtomter.

Praksis i tråd med nasjonale føringar

Det heilt sentrale i saka, som ikkje kjem klart nok fram, er at frådelinga fører til omdisponering av jordbruksareal. Jordvernet står sterkt i slike saker som dette, og det er heilt nødvendig med ei streng handheving av regelverket for å unngå nedbygging av jordbruksareala. Fylkesmannen sin praksis er i samsvar med dei overordna føringane vi har fått frå fleire departement, mellom anna i Nasjonal jordvernstrategi, der det er eit mål om maksimal årleg omdisponering av jordbruksareal på 4.000 dekar. Det er viktig at desse føringane òg vert følgde opp i einskildsakene. Arealet har verdi for landbruket, sjølv om det er kupert og krevjande å hauste. I denne samanheng er det relevant at beiteareal også vert omfatta av det nemnde jordvernmålet.


Lone M. Solheim

Avdelingsdirektør

Fylkesmannen i Rogaland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags