«Kvifor så travelt med å gi frå seg fellesskapet sitt eigarskap?»

Av
DEL

MEININGARHøgre, Frp, Venstre, KrF og MDG viser ei haldning til saka om Kvinnherad Energi, som eg finn særs merkeleg. Kvifor har ein det så travelt med å fatta vedtak om sal? No er jo saka om Kvinnherad Energi også eit døme på Høgresida sine krampetrekningar om å få kvitta seg med alt ein eig, og få det over på private hender. Ein vel å sjå heilt bort ifrå intensjonen som tidlegare kommunestyre har hatt då dei vedtok at ein måtte ha 2/3 fleirtal for å endra vedtektene til Kvinnherad Energi. Eg skjønar kvifor dei vel å sjå bort frå både 2/3 fleirtal og ikkje minst intensjonen som ligg bak vedtaket. Dei er heilt nøydde til å sjå bort frå begge deler, elles kan dei ikkje få seld unna i god tid før valet. Og dei vil helst ha det gjort så fort som mogleg, slik at ikkje denne saka ligg for lenge i innbyggarane sine tankar når vi kjem til valdagen i september.

Denne saka som ein no har gåande burde dei venta med å konkludera i til etter valet i september. Då ville ein fått innbyggaranes godkjenning på sal, viss ein trass alt hadde fått fornya tillit og moglegheit til å styra vidare. Eg skjønar at dei vil selje unna no, for det er slett ikkje sikkert at dei får gjort det etter september.

Men eg meiner at det ville vore den gode måten å gjort det på. Då veit begge sider, både posisjonen og opposisjonen at salet var støtta i eit fleirtal av innbyggarane. Med å selje unna nett-delen av Kvinnherad Energi no, så sit ein seg over innbyggarane, og seier at ein ikkje er spesielt interessert i å høyre på kva dei meiner. Ein vil ha eit ope folkemøte den 20. mai ja, kor dei seier at dei vil la innbyggarane få moglegheit til å påverke avgjerda, men viss dei ikkje står å tel kor mange som har meining for eller imot, så er jo det heilt irrelevant, då dei kan seia dei har innbyggarane med seg uansett.

Nei, gjer det reieleg og enkelt, la det bli eit spørsmål i den komande valkampen. Då vil det vise seg kven innbyggarane vil skal styra kommunen, og då vil det vere eit klart signal om kor dei fleste har meininga si i denne saka.

BKK og HK står uansett klare til å ta opp forhandlingane igjen, eller å få sine bod vurdert, også i oktober månad.

La Kvinnherads sine innbyggarar få moglegheita til å seia kva dei meiner i saka på valdagen, det er ingen grunn til å gjere forhasta avgjersler i denne saka.


Geir Dolonen-Marthinussen,

Kommunestyrerepresentant for Kvinnherad Senterparti.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags