«Lat fleire få glede av den vakre naturen vår!»

Av
DEL

MEININGARStadig fleire, både fastbuande og tilreisande, nyttar seg av den flotte naturen som omkransar oss. Det er svært positivt, og naturen vår har svært, svært stor verdi for dei aller fleste. Såleis er den aukande bruken og tilstrøyminga svært gledeleg, men det er dessverre altfor dårleg tilrettelagt for dette. Då tenkjer eg først og fremst på parkerings- og toalettmoglegheiter.

Eg kjenner best til tilhøva i Uskedalen, men er sikker på at vi finn same behova andre stader i kommunen. Tilstrøyminga til Uskedalen har vore veldig sterkt aukande dei seinare åra. Veldig mange kjem frå fjern og nær for å klatra i Ulvanåso, men det kjem og mange for å få tur- og andre naturopplevingar. Mange overnattar på Rabben Feriesenter eller på andre overnattingsplasser i kommunen, men svært mange av dei nyttar seg også av enkel camping. Eg har opplevd å koma til Fjellandsbøvatnet, perla øvst i Uskedalen, og talt til over 50 overnattande i telt, lavvo og bubilar. Det var barn og vaksne. Mange kom for å klatra, medan andre hadde m.a. padling på vatnet, turar og andre naturopplevingar på helgeprogrammet. Dei allsidige moglegheitene gjer området perfekt for heile familien. Turistar kjem hit frå alle verdsdelar for å oppleva naturen vår. Eg har snakka med turistar frå Australia, Asia, Amerika og mange land i Europa. Eg trur denne trenden berre vil auka, og derfor må det tilretteleggast med m.a. parkeringsareal og toalettanlegg. Dette vil også koma til nytte på fine vinterdagar, m.a. dei dagane når folk strøymer til i hopetal frå heile Kvinnherad for å bruka skeise-isen på Fjellandsbøvatnet.

Også ved startpunktet for turar til Ulvanåso på Haugland må det gjerast noko. Det er mykje brukt av lokale folk til kortare og lengre turar samstundes som det er svært mange tilreisande i helgar. I tillegg har frivillige i klatregruppa opparbeidd ein klatrepark i Børsdalen til glede for både barn og vaksne det siste året. Ved dette startspunktet trengs det også parkeringsareal og toalett. I sommar har eg møtt fleire tilreisande som har nemnt vanskane med parkering, og sjølv har eg fleire gonger måtta forandra planane for søndagsturen sidan eg ikkje har funne ledig plass til parkering.

I tillegg til dei to nemnde stadane, er det behov for mindre parkeringsutkøyrsler mellom Haugland og Friheim der klatrarane parkerer for sine daglege klatreturar. Her er det også viktig med skilting kor dei bør gå. Det er eg sikker på at både klatrarane og bøndene ville sett pris på.

Eg er overbevist om at det store klatreanlegget innandørs som er under arbeid, vil setja klatreeldoradoet Uskedalen endå meir i fokus, og det vil medverka til at tilstrøyminga til Ulvanåso vert ytterlegare forsterka i åra framover.

Eg trur kommunen har eit stort potensiale ved å tilrettelegga betre for å bruka naturrikdomen vår. Vi veit at folk flyttar hit på grunn av den vakre naturen. Med større fokus på desse verdiane trur eg endå fleire vil tenkja slik. Ei tilrettelegging vil vera heilt nødvendig på grunn av auken i tilreisande, og det vil vera til stor glede for fastbuande. Dette er berre eit innspel. Det er heilt sikkert mykje anna som kan gjerast på dette feltet. Kanskje politikarane vår kan ta opp hansken? Kanskje det kan leggjast ein plan slik at arbeidet kan koma i gang i samarbeid med grunneigarane? Det kunne vore kjekt å høyra synspunkt frå ulike parti på dette før valet.


Thor Inge Døssland

Uskedalen 31.08.19

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags