«Rekk opp handa om du vil bli politikar»

Av
DEL

MEININGAR:Som lærar møter eg kjekke ungdomar kvar dag. Ungdomar som om nokre år forhåpentlegvis skal vera med på å vidareutvikla Kvinnherad og Noreg. Mi hovudoppgåve vil eg seia er å hjelpa dei i utviklinga mot å bli «gangs menneske». Skal dei bli det, har dei behov for gode førebilete på skulen, heime, frå veljarane og politikarane både lokalt og nasjonalt.

I år har vi hatt om den franske revolusjon, 1814, parlamentarismen og unionsoppløysinga i 1905. Det må eg seia har vore kjekke timar. Elevane var engasjerte, og særleg opptekne av at vi er heldige som lever i eit demokratisk land. Vi har snakka om kva som skal til for å kalla eit land demokratisk, og var samde om at ytringsfridom, likestilling, religionsfridom og menneskerettane er flotte verdiar. Eg har sagt til dei at det er bra å uttrykkja seg, men at det er like viktig å lytta til dei som har andre tankar. På den måten kan ein skapa ei forståing for kvifor ein tenkjer ulikt og kanskje på sikt inngå kompromiss, eller vera einige om at ein er ueinige.

I læreplanen står det følgjande mål for samfunnsfag: «I eit demokratisk samfunn er verdiar som medverknad og likeverd viktige prinsipp. Sentralt i arbeidet med samfunnsfaget står forståing av og oppslutning om grunnleggjande menneskerettar, demokratiske verdiar og likestilling. Faget skal stimulera til og gje erfaring med aktivt medborgarskap og demokratisk deltaking».

I det siste har eg merka meg at det har blitt tøffare å vera politikar. Ein må dessverre tola at både veljarar og politiske motstandarar «tar mannen i staden for ballen». Skal eg følgja læreplanen må eg stimulera elevane til demokratisk deltaking. Men rekk opp handa den som vil bli politikar dersom debattklimaet blir forureina av personangrep, stygge kommentarar på Facebook, meldingar frå sinte veljarar eller politiske rivalar?

Skal vi få dagens ungdomar til å engasjera seg, må vi vaksne skjerpa oss. Vi må visa dei at det er kjekt å delta, at du får respekt frå dei du er ueinige med, at vi er saklege, og at det er verdt den store jobben det faktisk er å vera politikar. Sjølv har eg mange gonger tenkt tanken på å ta meir samfunnsansvar og engasjera meg politisk, men eg er redd både eg og elevane lar vera å rekka opp handa om ikkje det politiske klimaet blir mindre forureina i framtida.

Eg vil takka Peder Sjo Slettebø for framifrå innsats som ordførar i Kvinnherad. Sjølv stemmer eg ikkje på Høgre, men eg stemmer på at vi skal behalda unge og dyktige politikarar som vil stå på for innbyggjarane i kommunen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags