«Sats på ungdommen og ta dei på alvor!»

Av
DEL

MEININGARNett no har mange elevar begynt på skulen, og det er på tide at vi gjer oss nokre meiningar om skulen. Kva oppdrag har skulen i vårt samfunn?

Skulen skal gje grunnleggjande kompetanse, haldningar og verdiar som den enkelte og samfunnet treng og vil ha glede av. Skulen har ei rolle som multiplikator for samfunnet. Det er her borgarane blir utrusta med det som må til for å skapa eit fungerande samfunn. Det er ei av kjerneoppgåvene jfr. generell del av læreplanen å utrusta elevar med verkty som klarer å møta desse utfordringane.

Vi vil at skulen skal gje alle moglegheiter til å delta i fellesskapet med livsmeistring, læringsglede, kritisk tenking og evne til problemløysing. Den generelle delen av læreplanen har eit solid verdisett for menneske og natur som må vidareførast og styrkast.

Vi les og høyrer om ungdommar verda rundt som er bekymra for framtida si og miljøet på kloden. Dei er skuffa over at vi «vaksne» som sit med ansvaret ikkje oppfattar problemet og tar grep. Det ser ut som at ungdommane nesten har mista trua på oss, og det er ikkje bra. Dette bør få oss til å vakna!

Eg meiner det er svært positivt at ungdommen tar til orde, men dei treng òg hjelp og rettleiing frå oss som har litt meir livserfaring. I desse tider der det kryr av «fake news» og upålitelege kjelder som prøver å gjera narr av ungdommar og folk som bryr seg, er det særleg viktig at vi står saman og støttar kvarandre.

Vi bør jobba i lag, og vi må ta det som ei utfordring. Det er ikkje «vi» og «dei»! Det er den same kloden vi lever på.

Det er desse ungdommane som no viser veg. Dei viser motvilje til ei verd/ein politikk som nesten utelukkande er basert på kortsiktig tenking. Dei er òg viljuge til å ta grep for å forbetra situasjonen.

MDG vil syta for at skulen sitt rammeverk er forankra i eit heilskapleg menneskesyn og kan ivareta mangfaldet av elevar. Eit inkluderande miljø er viktig i seg sjølv og dessutan ein føresetnad for læring og utvikling. Einsidige krav til målstyring, testing og rapportering innsnevrar det pedagogiske handlingsrommet, fremjar pugging og overflatisk læring og hindrar skulen i å ivareta heile samfunnsoppdraget sitt.

Dyktige lærarar er avgjerande for elevane sitt læringsutbyte. Lærar og rettleiar må ha tid og fridom til å møta den enkelte elev sitt potensiale og behov. MDG Kvinnherad vil sørgja for at vi har nok lærarar, med god tilgang på vidareutdanning og at lærarane vert støtta av en leiing, lærarteam og andre fagfolk som kan følgja opp miljø og helse. Kommunen som skuleeigar må utøve eit solid eigarskap. Vi må utnytta alle dei fantastiske læringsarenaer som vi har i denne flotte kommunen (naturen, Folgefonnsenteret osv.).

Hugs: «Å satsa på born og unge er den beste investeringa ein kan gjera».

Lever du på same kloden som meg, og vil fortsetja med det? – stem MDG!

Matthias Zimmermann, Lektor

Miljøpartiet Dei Grøne Kvinnherad

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags