Skryt til Synnøve Solbakken

Av
DEL

MEININGARDet er litt kjekt å sjå kor mykje Synnøve bryr seg om lokalsamfunna våre og om utviklinga i kommunen vår. Eg er heilt einig med Synnøve at vi må behalda ferjetilbodet som vi har i dag, for som ho seier så skal lokalsamfunna fungera. I same vending vil eg nemna at fylkesordføraren og burde sjå nøye på dei komande mannskapskrava for dei nye ferjene, for det generelle er at det skal fjernast ein arbeidsplass på kvart skift på alle ferjene. Men ferjene skal transportera like mange personar og bilar som før, og like mange skal reddast ved ein naudssituasjon. Det seier seg sjølv at det ikkje blir noko anna enn katastrofe om ein naudssituasjon skulle inntreffa.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags