Tid for ettertanke

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MEININGAR:Eit budsjettår går mot ein slutt, og eit nytt står for døra. Som Hus skriv er det tøffe tider for politikarane i Kvinnherad. Budsjettåret 2017 har bydd på utfordringar for alle, og vidare tronge tider er det spådd å bli i framtida.

Som einingsleiar i ein av dei kommunale barnehagane våre har eg inneverande budsjettår hatt eit minimalt budsjett til rådvelde. Blir budsjettet for 2018 som skissert vil vi truleg få ei lita auke i budsjettet. I realiteten betyr det at vi kan behalde bemanninga vår slik den er i dag, samt ha litt større handlingsrom ved sjukdom og ferieavvikling.

Her kan det vera greitt å avklare kva eg legg i minimalt budsjett for å unngå missforståingar:

I barnehagen vår har vi 42 barnehageplassar. Vi har 9 tilsette, med samla tilsettingsprosent tilsvarande 8 årsverk. Budsjettet vårt for 2017 er 4 300 000 kr. Av denne summen skal eg betale ut lønn, avløyse ferieavvikling, skaffe vikar ved sjukdom, kjøpe inn pedagogisk materiale, overtid og betale vanlige rekningar.

La meg ta eit lite døme. På posten vikar ved sjukdom har eg hatt til rådvelde 79 000 kr, som skal fordelast på 9. På posten vikar ved ferie har eg hatt til rådvelde 62 000, Når det kjem til overtid har vi hatt ca 24 000 kroner . I pedagogisk materiale har vi hatt 250 kroner per barn. Andre gode har vi ikkje…. Dersom eg då ikkje skal ta med posten for kontormaterielle som er på kr 3090.

Trur nok at mannen i gata utan noko form for matematisk kompetanse ser at her er det ikkje rom for å flotte seg, eller fråtse på kostnad av det kommunale fellesskapet.

No er det likevel slik at ingen av oss har det betre en den andre. Å vega tenestene opp mot kvarandre når kassa er tom er ikkje lett, og bør heller ikkje gjerast.

Eit gamalt ordtak seier at når krybba er tom bit hestane. Slik opplever eg ikkje det har vore innad i den kommunale sektoren. Vi har alle frå golvet til toppen stått samla, drege lasset i lag, prøvd å finne dei gode løysingane, og strekt oss det ekstra som må til for å få dagen til å gå rundt. Eg vil hevda at alle har vist ein høg arbeidsmoral, og teke i eit ekstra tak der behovet har meldt seg. Egoismen som Hus skriv om kjenner eg ikkje igjen.

Eg lot meg irritera over Kristian Hus sine lesarbrev, som eg opplevde vart understøtta av Gjerde. Eg kjente eg vart i overkant provosert. Etter nokre rundar med meg sjølv, landa eg på at det er ikkje så rart at Hus og Gjerde skriv det dei gjere i lesarbreva sine. Vi har alle våre referanserammer vi tek utgangspunktet i når vi dannar eit bilete av vår eiga opplevde sanning i ei sak. Lesarinnlegga understrekar bare at vi i barnehagesektoren ikkje er gode nok på å informera ut til samfunnet, politikarane og brukarane av tenesta korleis dei overordna rammene våre er, og kva krav og føringar som er pålagt barnehagen. Berit Dale sitt lesarbrev beskreiv godt mykje av krava og føringane barnehagen har til sitt pedagogiske arbeide. Med utgangspunkt i svara frå Hus og Gjerde på Dale sitt lesarinnlegg, trur eg tida no er moden for litt komplimenterande informasjon om barnehagen sine overordna rammer. Dei «harde» fakta som legg grunnlaget for barnehagens mandat og rolle i samfunnet, samt rammene barnehagane har til rådvelde til gjennomføringa av det pedagogiske arbeidet.

Barnehagen fyrste ledd i utdanningsløpet

Barnehagen si rolle i samfunnet har gått gjennom tida frå å vera eit sosialpolitisk tiltak, til i år 2006 bli grunnmuren i utdanningslina. Det er så enkelt å seia at barnehagen til kvar ei tid speglar behova i politikken og samfunnet generelt. Barnehagen er fyrste ledd i barnet si utdanning. Her skal det leggast eit godt og solid grunnlag for barnet si vidare læring i skulen.

Tidleg innsats, samfunnsøkonomisk tiltak

Det herskar ingen tvil om at tidleg innsats og ei pedagogisk teneste av høg kvalitet i barnehagen motverkar lærevanskar i skulen, samt fråfall av elevar i vidaregåande skule. Forsking visar, og understrekar at tidlig og god innsats alt frå barnehagen av reduserer store samfunnsmessige økonomiske belastningar. Alle kan sameinast iat det er god samfunnsøkonomisk politikk å satse på tidlig innsats, på tidligast mogleg nivå, altså i barnehagen.

Saman med barnehagen si innlemming i utdanningssystemet vårt, kom det fleire og strengare krav og føringar til barnehagen sitt innhald. Ein del av pakken var også å sikre at dei barna som av ulike grunnar har «svakare kort» på handa alt frå fødselen av, blant anna gjennom arv, miljø, økonomi, foreldre sitt utdanningsnivå, manglande eller dårlig norsk –språk, skulle ha rett til barnehageplass frå barnet var 1 år gammalt. Som ei vidareføring av dette vart det blant anna innført redusert barnehagebetaling, og gratis kjernetid til heimar med svak betalingsevne. Barnehagen skal vera brukarvennleg, og stette behova i samfunnet.

Den brukartilpassa barnehagen

Som eit ledd i utviklinga vart barnehagane sine opningstide i år 2006- 2007 utvida. Før den tid hadde vi kortdagsbarnehagane som var open 4 timar dagleg, ½ dagsbarnehagen med ei opningstid på 6 timar, og heildagsbarnehagen som opna 7.30 om morgonen og stengte dørane kl 16.00, altså ein barnehagedag på maksimalt 08.30 timar.

I dag er barnehagane opne frå 06.30 om morgonen, til 16.15, enkelte barnehagar er også opne til 17.00.

Barnetalet i barnehagane har auka i takt med utviklinga. Barna blir levert tidelig, og henta seint. Dei fleste barn har lengere «arbeidsdag» en foreldrene. Vanlig barnehagedag for mange barn er 9 ½ time i snitt. Fleire og fleire små barn under 3 år er store delar av sin våkne kvardag i barnehagen. Barnehagane har fått eit stort, og viktig samfunnsmandat å ivareta.

Bemanning i barnehagen

Saman med endringane, dei nye krava, fleire barn i barnehagen, og utvida opningstide skulle ein tru bemanninga i barnehagen hadde auka i takt med dette. Det er ikkje realiteten Bemanninga har halde seg stabilt lav og uendra. I Lovverket for barnehagen er det fastsett ei pedagognorm som seier at det skal vera ein pedagog i ei barnegruppe på 18 barn. Den øvrige bemanninga skal vera tilstrekkeleg. La oss ta eit lite reknestykke frå barnehage kvardag saman:

I ein barnehage med kun ein avdeling, og ordinær drift går det 18 barn. I barnehagen arbeidar det tre vaksne. To av dei vaksne er på golvet med barna 7 ½ time minus ½ time pause. Pedagogen har 45 minutt planleggingstid på kontoret, og er resten 6 timar og 45 minutt minus ½ time pause på avdelinga med barna. Opningstida i barnehagen er 9 timar og 45 minutt. I nokre barnehagar er opningstida 10 ½ time. Kor mange timar er det då full bemanning i barnehagen? Kor mange timar er eit personale åleina med delar av barnegruppa? Har de funne svaret?

For alle som kan litt hovudrekning ser ein fort at det ikkje er mange timane dagleg avdelinga er fult bemanna.

Her må eg understreka at dette ikkje bare gjeld i Kvinnherad, men alle barnehagar rundt i det ganske land.

Fokus på barnehagen sitt pedagogiske innhald

I desse dagar ligg det inne sentralt eit forslag om endring i barnehage lova gjeldande pedagognorma og bemanning i barnehagen. Barnehagen sitt mandat og rolle set høge krav til personale, kompetanse og kompetanseutvikling i personalgruppa. Vi skal vera ein lærande organisasjon. Vi skal arbeida målretta og systematisk. Vi skal driva med kompetanseutvikling. Vi skal imøtekomma kvart enkelt barn sine individuelle behov og form-sy eit pedagogisk opplegg rundt barnet. Vi skal samarbeida med ulike instansar. Vi skal samarbeida med heimen, lytta og ta heimen sine tankar og behov på alvor. Vi skal observere, kartlegge og dokumentere. Slik kan eg fortsett.

Krava som er sett til personalet i barnehagen harmonerer lite med dei overordna rammene barnehagane har til rådvelde. Forslaget som no ligg inne sentralt, og som truleg vil tre i kraft i løpet av 2018 er å auka pedagogtettleiken i barnehagane. Det ligg også på trappene ei bemanningsnorm som fortel noko om kor mange barn det skal vera per vaksen i barnehagen.

Når desse endringane trer i kraft vil det medføra ytterligare økonomiske utfordringar for sektoren.

Personalmøte og overtid i barnehagen

Når Hus i lesarinnlegget sitt stiller spørsmål med personalmøte på kveldstid, og når han vidare kastar ballen attende til leiarane og oppfordrar dei til å finne løysingar for å kunne gjennomføre personalmøte på dagtid, trur eg teksten over svarar for seg sjølv.

Eg vil avslutta med å takke alle mine gode kollegaer i kommunen for godt samarbeid i desse tøffe økonomiske tidene. Vi dreg lasset saman, leitar etter dei gode løysingane, og jobbar for å yte gode kommunale tenester ut til brukarane våre og samfunnet generelt.

Ann Irene Sæle
Einingsleiar kommunal barnehage,
Kvinnherad kommune

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags