«Visit heile Kvinnherad»

Av
DEL

MEININGAR Kvinnherad er ein langstrekt, majestetisk kommune fylt med kontrastar.

Is og sjøvatn, fjord og øyar, baroni og badestrender, bønder og industriarbeidarar, fiske og skogbruk, campingplassar og baronens seng, fjellkano og ribbturar, klaverkonsertar og gatebil, naustutleige og hengekøy, Sunnhordland og Hardanger, høge fjelltoppar og djupe dalar, indre og ytre luten, festivalar og blues.

Alt dette spreidd utover det vakre landskapet vårt.

Ei rekke vakre naturopplevingar, stille solnedgangar, lokalmat, kortreist pølsa, mikrobryggjeri, økologisk is, rekord-breiflabb, Shakespeare kompani, galleri, landsbybakar og ikkje minst fest og basar. Ja, her er noko for ein kvar smak. Dette er noko å satsa på, detta er noko me bør stå saman om.

Å marknadsføra ein destinasjon kan vara utfordrande. I Kvinnherad har det i mange år vore usemje om kven me skal assosierast med. Indre luten er hardingar og ytre er sunnhordlendingar. Skal me då vara ein del av Visit Sunnhordland eller Visit Hardangerfjord, kjenner eg kvinnheringar rett vert me aldri einige om det.

Men ønskjer næringsleiaren at me skal konkurrera med Lofoten om turistane, ja då nyttar det ikkje å ha eigne marknadsføringskonsulentar i kvar bygd og på kvar holme i kommunen. Me må stå saman, me må nytta all den fantastiske kunnskapen som me har i kommunen i saman for å kunne selja dette unikt samansette produktet som me har.

Eg les stadig hyggelege artiklar i lokalpressa om hytte-, bubil- og båtturistar som har forelska seg i vakker natur, flotte båthamner og hyggelege campingplassar. Dei har rett og slett lagt turen til Kvinnherad kvart einaste år i mange år. Og i år har me ein unik moglegheit, nordmenn skal på norgesferie. Fem millionar av oss.

Der er seld rekordmange bubilar og båtar. No kan me slå til. Dei må komma hit, oppleva magien og så skal du sjå at dei vert like djupt forelska som det me innfødde er. Og då kjem dei garantert tilbake.

Det står skrive i Kvinnheringen at «Reiselivsnæringa i Kvinnherad er dominert av relativt små verksemder med liten grad av samhandling». Eg sku ønska at desse kunnskapsrike aktørane i Visit Rosendal kan stilla sine ressursar og kjennskap til reiselivsnæringa til rådigheit for eit reiselivssamarbeid for heile kommunen. Dei og alle andre som ønskjer eit yrande reiseliv i kommunen bør støtta Folgefonnsenteret/turistinformasjonen sitt initiativ til å samla all stå-på-viljen i kommunen under ein paraply. Heile potten på 500.000 bør løyvast til denne gruppa som har erfaring og kunnskap til å marknadsføra oss som ein heilskapleg destinasjon.

Då kan me konkurrera mot både Lofoten og Lanzarote.

Og når me fyrst skal hoppa i det bør det bli «Vitja Kvinnherad».

Ann Helen Collins,

handelskvinne og reiselivsleiar, Sandvoll

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken