Gå til sidens hovedinnhold

Delte ut 4,4 millionar kroner til 39 heldige: Sjå kven som fekk pengar av Sparebank 1-stiftinga

Artikkelen er over 1 år gammel

Smila var breie då Sparebank 1-stiftinga delte ut sjekkar i vårsola på Husnes fredag ettermiddag

På grunn av den spesielle situasjonen samfunnet er i, la Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad den siste gåveutdelinga si til Husnes-parken.

I strålande sol trappa heldige leiarar og andre frå lag og organisasjonar opp ved paviljongen i Husnes-parken for å ta imot sjekkane dei hadde søkt om, og fått.

Grunna covid 19-pandemien blei ti tilfeldige mottakarar plukka ut og inviterte til å vera med på den koronavennlege samlinga utandørs.

Stiftinga fekk inn 178 søknadar denne gong, opplyste styreleiar Svein Arne Eidsvik.

Les også

Eivind fekk million-nyheit: – Gir oss ein pangstart

Her er oversikta over alle dei 39 mottakarane, som i alt fekk 4.368.000 millionar kroner:




Newtonsenter Kvinnherad Newtonsenter Kvinnherad 1.000.000
Rosendal Samfunnshus Rehabilitering av samfunnshuset 500.000
Uskedal Idrettslag Gull av grus 500.000
Halsnøy IL Nye lysarmaturar ved kunstgrasbanen 250.000
Løfallstrand Bygdalag Nytt kjøken i bygdelagshuset 150.000
Kvinnherad Turlag Bru over Hellandselva 150.000
Uskedal Musikklag Grovmessinginstrument 130.000
Uskedal Idrettslag Reint vatn Heio 100.000
Uskedal Idrettslag Opprusting av garderobeanlegg 100.000
Maurstiens venner Utvida turhorisonten 100.000
IL Trio Lydanlegg Husnes idrettspark 100.000
Rosendalstiftinga Ny sti til turhutta på Sjethaug 100.000
IL Trio Jubileumsbok 90.000
Kvinnherad Røde Kors Omsorg Sosialt hygge for eldre og einslege 80.000
Halsnøy IL Ferdigstilling av klubbhus 75.000
Halsnøy kulturhus velforeining Oppgradering drift kulturhuset 75.000
Brøddamo i Os og Omegn Hjelp til å hjelpa 75.000
Strupebandet Nye korkrakkar 70.000
Idrettslaget Ternen Nye drakter for barn og ungdom 60.000
Kvinnherad Motorsykkelklubb Påbygg klubbhus 50.000
Fjelberg Bygdalag Sikteskive på Borgundnuten 50.000
Bygdadrøso Produksjonsutstyr 50.000
Baugstranda Bygdalag Vedlikehald 50.000
Husnes Musikklag Instrument og korps-rekvisita 50.000
Herøysund IL Oppgradering av klubbhus 50.000
Rosendal Turnlag Bru i Bjørndal 50.000
Uskedal Idrettslag Utvikling av klatringa 43.000
Arbeidsgruppa Valeparken Oppgradering og vedlikehald 35.000
Interesselaget Vangssago Nye sagblad 30.000
Uskedal Utvikling Gapahuk Flåtane 30.000
Husnes Indremisjon Nytt instrument 27.000
Interesselaget Vardhaugselet Kle inn vedhuset 26.000
Austrepollen grendahus Oppgradering 25.000
Kvinnherad Kystlag Rigge Sundalsbåten 21.000
Snilstveitøy vel og båthamn Hjartestartar 20.000
Kvinnherad undervannsklubb Nytt 02-sett 15.000
Ajam musikklubb Låtskrivarkurs og konkurranse 15.000
Uskedal Idrettslag Digitalisering 15.000
Kvinnherad Kystlag Allmenn bruk av Sundalsbåten 11.000

Les også

Han er ny prosjektingeniør i Kvinnherad kommune

Kommentarer til denne saken