Gå til sidens hovedinnhold

Den berømte «smittebussen» har så langt gitt 50 personar korona

Artikkelen er over 1 år gammel

Til no har over 50 personar blitt påviste koronasmitta etter utbrotet på ein turbuss frå Jæren, skriv Folkehelseinstituttet i vekerapporten sin.

– Hittil er over 50 personar påviste smitta. Dette omfattar 38 av 40 deltakarar på bussen, skriv FHI i rapporten.

Det var ein turbuss med pensjonistar hovudsakleg busett på Jæren, der det førre veke var omfattande spreiing av covid-19. Etter enda reise er det påvist nye smittetilfelle på stader turfølget har besøkt.

Kvinnheringen skreiv førre veke at 10 personar busette i Kvinnherad var i karantene, etter å ha vore i nærkontakt med ein person som hadde blitt smitta av ein av busspassasjerane.

(©NPK)

Les også

5460 heng i ein tynn tråd: – Kjem det ikkje folk snart må vi legga ned

Kommentarer til denne saken