Ulukka der ein bil og scooter krasja på Baugstranda mellom Matre og Åkra måndag kveld, fekk eit tragisk utfall.

Scooter-føraren, ei 18 år gammal kvinne, omkom. Det skreiv Vest politidistrikt på Twitter seinare på kvelden.

Politiet ville ikkje gi ytterlegare opplysningar utover kvelden og natta.