Gå til sidens hovedinnhold

Den tre år gamle jenta som blei henta opp av sjøen døydde på sjukehuset

Jenta som blei henta opp av sjøen i Husnes båthamn torsdag kveld døydde på Haukeland sjukehus, melder politiet.

Torsdag kveld blei ei tre år gammal jente henta opp av sjøen i Husnes båthamn og seinare frakta til Haukeland universitetssjukehus.

I dag, laurdag 8. august, varsla sjukehuset politiet om at jenta dessverre døydde.

Jenta var syrisk statsborgar, busett i Tyskland, og var på ferie i Norge saman med familien sin, melder Vest politidistrikt i ei pressemelding som laurdag ettermiddag blei sendt ut i samråd med dei pårørande.

Politiet skriv samtidig at det ikkje er mistanke om noko straffbart i samband med dødsfallet til jenta.

Kommentarer til denne saken