Sambuarparet Caroline Steine (31) og Harald Andreassen (31) tok over den historiske gjestgjevarstaden i Sundal i midten av desember i fjor. Frå fyrste stund var planen å nå turistsesongen i år, 130 år etter at hotellet vart reist i 1889. No, etter nokre intense månadar med oppussing, byrjar Hardanger Fjord Lodge å ta den forma vertskapet har sett for seg.

– Vi har tatt vare på det gamle, og forsøkt å tilføra noko nytt. Det skal vera historie i veggane med notidas goder, seier Caroline.

Dei første overnattingsgjestene har allereie sove på hundre prosent naturlege madrassar og 41 gjester feira konfirmasjon her i mai, men det er 1. juni at den ordinære drifta tek til. Allereie no er bookingane i ferd med å renna inn. Ti vanlege rom og eitt familierom vil gje plass til 25 overnattingsgjester. I sommar vil det også gå an å overnatta i seglskuta «Frøya» som skal liggja til kai i Sundal.

Servering

Hardanger Fjord Lodge satsar sterkt på berekraft i alle ledd. Dette vil også visa att i maten dei serverer, som vil ha eit stort innslag av lokale råvarer i vegetariske rettar. Kvar dag lagar dei dagens middag og dessert, etter kva råvarer som er tilgjengelege. I tillegg til vegetariske rettar kan derfor både hjort, sjøkreps og aure lett hamna på menyen i Sundal.

– Det er ikkje slik at du må bu her for å eta middag hos oss, vi har veldig lyst at også folk frå Kvinnherad og kommunane rundt kjem til oss, fastslår Caroline, som fortel at ein også kan komma innom for å kosa seg med mjølkekaker og kaffi.

– Vi er takksame dersom folk som ynskjer middag bestiller på førehand. Det er jo eit stykke for oss å dra til butikken, smiler den nyslåtte pensjonatinnehavaren.