Denne medisinen skal redda liv: – Det kan stå om minuttar

Desse tre utgjer kommunen sitt nye «overdoseteam», og nytt av året er tilbod om medisinen Nalokson. Dette er ein nasespray som på kort tid kan stoppa ein overdose. F.v.: Ida Dolonen-Marthinussen, Marian Ripel og Ruben Rogne.

Desse tre utgjer kommunen sitt nye «overdoseteam», og nytt av året er tilbod om medisinen Nalokson. Dette er ein nasespray som på kort tid kan stoppa ein overdose. F.v.: Ida Dolonen-Marthinussen, Marian Ripel og Ruben Rogne. Foto:

I løpet av eit år er det fleire overdosetilfelle i Kvinnherad. No håpar kommunen sitt nye «overdoseteam» at ein nasespray skal redda liv.

DEL

I samband med verdas overdosedag den 31. august, inviterte tre tilsette i eininga rus- og psykiske helsetenester lokalavisa på besøk for å fortella om eit nytt tilbod innan rusomsorg i Kvinnherad.

Gratis tilbod

Dei tre tilsette utgjer det som no kan kallast eit nytt «overdoseteam», og det dei ville formidla dreier seg om ein medisin med namnet Nalokson. Dette er ein nasespray som kort og godt kan reversera ein overdose.

– Bruk av medisinen har vore eit prosjekt i einskilde kommunar sidan 2014, men det er først frå no i sommar at vi har begynt å dela den ut her i Kvinnherad, seier Marian Ripel, ruskonsulent i kommunen og primus motor for bruk av den nye overdosemedisinen.

Kvinnheringen får opplyst at det kvart år er ein del overdosetilfelle i Kvinnherad, men at det dei to siste åra heldigvis ikkje har kosta nokon livet:

– Ambulansetenesta har heldigvis hindra det, seier Ripel.

Saman med Ida Dolonen-Marthinussen og Ruben Rogne ønsker ho no å opplysa folk om den nye medisinen, som dei håpar at både rusavhengige, pårørande og vener vil skaffa seg tilgang til:

– Vi satsar på det som kallast «kameratredning» seier Dolonen-Marthinussen, og fortel at eininga gir ut medisinen gratis til både rusavhengige, pårørande og andre personar i rusavhengige sin omgangskrins.

– Vi oppmodar derfor dei som treng dette til å koma innom oss her på Husnes og henta medisinen, eller ringa og avtala ei levering. Det er både gratis og anonymt, seier Marian Ripel, og legg til at ein ikkje treng vera mottakar av kommunalt rustilbod for å få tilgang til naloksonen. Ho opplyser også at dei som får medisinen får ei kort opplæring.

Dolonen-Marthinussen fortel at nasesprayen kan stoppa ein overdose på kort tid:

– Men det er viktig at den blir gitt så raskt som mogleg, understrekar ho, og legg samstundes til at medisinen er heilt ufarleg å bruka.

Eininga rus- og psykiske helsetenester deler også ut gratis brukarutstyr til rusavhengige for å hindra smitte. Her er (frå venstre) Marian Ripel, Ruben Rogne og Ida Dolonen-Marthinussen med noko av brukarutstyret som kan hentast anonymt, eller leverast på avtalt stad.

Eininga rus- og psykiske helsetenester deler også ut gratis brukarutstyr til rusavhengige for å hindra smitte. Her er (frå venstre) Marian Ripel, Ruben Rogne og Ida Dolonen-Marthinussen med noko av brukarutstyret som kan hentast anonymt, eller leverast på avtalt stad. Foto:

Har redda mange liv

– Ved ein overdose kan det stå om verdifulle minuttar før ambulansen kjem, seier Dolonen-Marthinussen vidare, og fortel at det er nettopp desse minuttane som gjer at Nalokson kan redda liv.

– Politiet i Oslo har brukt denne medisinen i nokre år, seier Ripel, og fortel at dei har estimert det til å ha redda om lag 50 liv.

– Det er mange, seier ho.

Kollega Ruben Rogne har ei viktig opplysning:

– Det er også viktig å hugsa på at medisinen ikkje er til erstatning for vanleg førstehjelp og tilkalling av ambulanse, seier han, og forklarer:

– Ein heroindose kan vara lenge. Men naloksonen varer mellom 30 og 90 minuttar. Så sjølv om medisinen kan stoppa overdosen, så kan det koma ein ny overdose når medisinen går ut av kroppen, åtvarar han, og held fram:

– Oppdagar du ein person som du trur har tatt ein overdose, må du ringa 113 likevel – og ikkje tru at det er over etter å ha gitt medisinen. Personar med overdose treng oppfølginga frå helsepersonellet uansett, påpeiker han.

Eininga deler også ut brukarutstyr som sprøyter, sprøyteboksar og alkotip.

– Dette gjer vi for å førebygga smitte og infeksjonsfare, seier dei samstemde – og legg til at også dette kan hentast anonymt, eller leverast ein bestemt stad etter avtale.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken