Gå til sidens hovedinnhold

– Denne staden kan ikkje heita Rosendal med rosebed som dette!

Artikkelen er over 2 år gammel

Ein gjeng i Rosendal inviterer til «akutt-dugnad» for eit rosebed i Rosendal sentrum torsdag ettermiddag.

Rosebedet vart fyrst skjøtta av eldsjela Knut Langesæter, og kommunen tok også hand om det ei stund. Men no i vår har det vore ein skandale av eit rosebed, og derfor har ein gjeng forbarma seg over det.

Torsdag ettermiddag skipar Marita Langesæter, Anne Sigrid Totland, Solfrid Hellesøy Siqveland og fleire derfor til akutt dugnad for rosebedet og ber alle som kan om å komma og bidra.

– Denne staden kan ikkje heita Rosendal med rosebed som dette! Vi ynskjer vidare å skipa bygdelag, og ber alle om å seia ifrå om si interesse. Stiftingsmøte vert i august, fortel Solfrid Hellesøy Siqveland på vegner av gruppa.

Kommentarer til denne saken