– Denne veka får kommunen tilsendt meir enn 1000 vaksinedosar, og me oppmodar om at alle som ikkje er vaksinert bestiller vaksinetime på: https://timebestilling.remin.no, oppmodar Kvinnherad kommune på Facebook-sida si.

Det nærmar seg skulestart, og kommunen oppmodar særleg undervisnings- og barnehagepersonell som ikkje har fått første dose om å bestilla seg time. Det er ledige vaksinasjonstimar i Rosendal for første dose no komande torsdag.

Kommunen kan elles opplysa om at om lag 78 prosent av innbyggjarane over 18 år no har fått første vaksinedose, og at om lag 50 prosent er fullvaksinerte.