Det var Festidalen som i 2015 bygde opp og utvikla konseptet «Lambasleppet» som ein del av festivalen i Uskedalen. Men som Kvinnheringen har omtalt tidlegare, får Lambasleppet i år ein ny vri: Festidalen samarbeider nemleg med arrangørane bak OmStock på Husnes for å gi konseptet ei breiare plattform.
Lambasleppet blir derfor ein del av OmStock førstkommande helg, og går av stabelen på Husnes ved Gry Helge's Bar og restaurant.
Arrangementet blir gratis og ope for alle.
LES OGSÅ: Kvinnheringen sender direkte frå chili-konkurransen
Dei fem unge musikarane/banda som skal konkurrera om stipend, studiotid og spelejobb på bransjefestival er følgjande:
Cold Chase
Dette rockebandet frå Husnes består av Ida Prestnes, Emma Grønstøl, Odin Aksnes og Ole Vasslid. Dei har spelt musikk saman i seks år og er no veldig klare for å spela sine eigne hard-rock-songar. Dette er ikkje første gong dei speler på Omstock, så denne gjengen har litt erfaring allereie.
Stain
Stain er eit livleg band frå Odda som består av Leander Myran, Martin Sørum Torvund og Kevin Perez Mora. Dette er tre ungdommar som likar å spela punk-rock, og som har ei brennande interesse for musikk.
Mari Bjelland
Mari kjem frå Sunde, og er ei svært talentfull jente med ei nydeleg stemme. Ho stortrivst med å syngja og spela gitar, og har nyleg begynt å skriva songar sjølv. No gler ho seg til å framføra dei for publikum!
Mhodzi Marimba
Dei fleste i Kvinnherad har nok høyrt om dette marimba-bandet, som er eit direkte resultat av Kvinnherad kulturskule. Gruppa består Anna Skogseth, Solveig Takvam Dale, Kaia Helland Holmedal, Ole Vasslid og Odin Aksnes, og tilfører musikkbildet noko nytt og spennande. Dei skal spela eigenkomponerte songar med afrikansk stil på tradisjonelle marimbaer frå Zimbabwe.
Bergljot
Bergljot er frå Fusa. Bandet speler mørk indiepop i eit varmt og melodiøst lydlandskap. Kvintetten har allereie gjort seg bemerka på undergrunnscener i Bergen, med opptredenar blant anna på Hulen og Garage. Bandet består av Frida Bergljot Anda Vangen, Synnøve Reitan, Martin Hjetland, Torkel Toft og Knut-Martin Langeland Rasmussen.