Gå til sidens hovedinnhold

Desse tiltaka blir innførte viss smitten ikkje går ned

Statsminister Erna Solberg (H) vil ikkje stramme inn allereie no, men varslar strenge nye tiltak viss smitten held fram med å auke.

– Situasjonen er skjør, sa statsministeren då ho møtte i Stortinget tysdag for å halde ei forklaring om koronasituasjonen.

Epidemien er ustabil, og smittespreiinga er framleis for høg, åtvara ho.

Likevel vil ho ikkje innføre nye nasjonale innstrammingar allereie no. Men regjeringa legg fram ei liste med tiltak som vil bli innførte viss smitten ikkje gå ned.

– Mange kommunar har no innført strenge lokale tiltak. Vi veit enno ikkje heilt effekten av desse. Derfor er det no for tidleg å ty til strengare nasjonale tiltak. I staden forsterkar vi ytterlegare modellen med lokale tiltak, forklarte Solberg.

– Det er avgjerande at vi klarer å halde kontrollen, sa ho.

Nasjonale tiltak

Dei nye smitteverntiltaka kan ifølgje Solberg bli innførte på kort varsel. Dei byggjer på tilrådingar frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet.

Dette er dei nasjonale tiltaka på lista:

* Tilråding om å halde to meters avstand til andre bortsett frå personar i eigen husstand eller nærkontaktane til åleinebuande.

* Tilråding om maks ti private kontaktar per veke, i tillegg til grensa på maks fem gjestar.

* Forbod mot skjenking av alkohol.

* Forbod mot innandørs organisert idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne. Unntak for profesjonelle toppidrettsutøvarar.

* Stenging av treningssenter og symjehallar. Unntak for symjetrening for barn og rehabilitering.

* Stenging av underhaldningstilbod som underhaldningsparkar, bingohallar og liknande.

* Arbeidsgivar skal sørgje for at tilsette jobbar heimanfrå på alle arbeidsplassar der det er praktisk mogleg

* Færre deltakarar på arrangement. Inne: 20 personar med faste, tilviste sitjeplassar (ned frå 100), 50 personar i gravferder og bisetjingar (ned frå 100), 50 personar på arrangement for dei under 20 år – berre frå same kommune. Ute: 50 personar på arrangement (ned frå 200, eller 600 ved faste, tilviste sitjeplassar).

Neste nivå

Viss situasjonen blir alvorleg nok, vil òg desse tiltak bli vurderte:

* Tilråding om ikkje å ha besøk heime for ein periode på to veker.

* Utsetje alt av arrangement.

* Digital undervisning i universitet, høgskular og fagskular.

* Ungdomsskular og vidaregåande skular på raudt nivå.

* Kommunar med høgt smittetrykk bør vurdere raudt nivå også på barneskular og i barnehagar.

(©NPK)

Les også

Hadde 40 nærkontaktar fordelt på tre kommunar: – Særleg éin av desse har fått ein meir krevande smittesporing

Kommentarer til denne saken